...
STEDJE SIGRA: Christian Stedje vann kompisduellen med Henrik Furebotn då Årdal FK slo Sogndal 3?2 på heimebane torsdag kveld. Foto: Wantana Tierney

Årdal FK senka Sogndal

Vann 3–2 på kunstgraset i Øvre Årdal.

Endre Romøren E-post
Publisert 11.02.2010 kl 20:51 Oppdatert 11.02.2010 kl 20:53

Tips ein venn på e-post:


Nils Tore Krosshaug sine menn tok leiinga ved Christian Stedje, då kantspelaren drog av to Sogndal-forsvarar og satte ballen i nettet frå omtrent død vinkel.

Sogndal utlikna til 1–1 litt seinare, då Moustapha Cisse sette returen frå eit frispark i mål bak Stian Karlsen. Ole Jørgen Halvorsen sørgja for pauseresultatet 2–1 til sogndølene då han banka ballen i nettet på volley frå fem-seks meter.

Sterk andreomgang

Etter styrte Årdal FK mykje, og utlikna fortent etter 62 minutt då midtbanemotoren Tim Teigen vann ballen inne på Sogndal sin halvdel, forserte nokre meter og plasserte den i mål bak Joe Bendik frå om lag 16 meter.

Knappe ti minutt seinare heada innbytar Brede Stedje Ylvisåker inn 3–2 etter eit godt innlegg frå høgreback Fredrik Prestegård.

Sogndal sette inn eit lite trykk mot slutten, og burde utlikna då Cisse heada ballen utanfor på blank kasse frå fem meter.

Mykje byter

Begge lag gjorde mange byter i løpet av kampen, og det vart mykje unge spelarar på bana etter kvart. Mellom dei som imponerte mest var heimelaget sine 16-åringar Jonas Hestetun og Ole Morten Jevnaker.

Hestetun viste fleire gonger fram sin gode pasningsfot og kloke fotballhovud i si hengjande spissrolle, medan Jevnaker la ned mange meter sentralt på midtbana og hadde god kontroll på Henrik Furebotn som returnerte til sin gamle heimearena.

– Fantastisk moro

– Det er fantastisk moro at desse to presterer so bra. Dei var gutespelarar i fjor, og viser seg allereie fram på dette nivået. Det gledar meg at me klarar å få opp eigne talent, seier ÅFK-trenar Nils Tore Krosshaug.

– Me spelte ein meget god kamp idag. Spelarane var aggressive og hadde stort trøkk i spelet sitt, me fekk masse gjenvinningar på deira halvdel, og fekk til ein del bra spel, seier trenaren.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.