...
Even Hovland. Foto: Tor Yttri

Nye United-rykte

Ifølgje den engelske nettstaden goal.com ønskjer Manchester United henta Sogndal-spelaren Even Hovland (20) innan kort tid.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Endre Romøren E-post
Publisert 08.02.2010 kl 09:49 Oppdatert 08.02.2010 kl 09:49

Tips ein venn på e-post:

LES OGSÅ:

Tap i Grorud-comeback 10.02.10 - 11:05

Under tittelen «United planlegger å kjøpa den norske Nemanja Vidic» står det at United-manager Sir Alex Ferguson er mektig imponert over Hovland, og at han vil gjera overgangen til den norske kraftpluggen permanent etter to imponerande prøvespel.

Reiser i sommar?

Vidare står det at fleire engelske Premier League klubbar og norske eliteserieklubbar jaktar på Hovland, noko som kan få United til å handla raskt.

– Ferguson vart mektig imponert over Hovland i løpet av dei to prøvespela hans. Det faktum at han fekk koma attende for andre gong viser kor godt han gjorde det, har den engelske nettstaden sitert «ein kjelde som står nær Hovland» på.

Det britiske overgangsvindauget er no stengt, dermed kan ikkje Hovland verta offisielt klar for klubben før i somar. Men det er vanleg praksis å signera førehandsavtalar, slik United gjorde med Fulham-stopparen Chris Smalling i januar. Smalling spelar for London-klubben ut sesongen, før han reiser nordover til Manchester i juni. Ein liknande avtale kan verta gjort med Hovland.

Veit lite

Hovland hadde sjølv fått med seg innhaldet på goal.com si side då Sogn Avis tok kontakt søndag føremiddag.

– Dette er nok berre skriveriar. Eg har ikkje høyrt noko nytt sidan eg kom heim frå Manchester, og veit lite om kva som skjer frå den sida. Det er uansett ikkje fokuset mitt, då eg berre tenkjer på Sogndal og vår sesongoppkøyring, seier han.

– Kva tykkjer du om samanlikninga med Vidic?

– Det er sjølvsagt positivt, då han er ein veldig god midtstoppar. Men igjen, dette tenkjer eg veldig lite på.

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.