...
NYTT TAP: Lars Grorud og Sogndal tapte 1?2 mot Aalesund i dagens treningskamp. Foto: Arkiv

Tap i Grorud-comeback

Lars Grorud var attende på bana då Sogndal tapte 1–2 borte mot Aalesund laurdag.

Endre Romøren E-post
Publisert 06.02.2010 kl 18:23 Oppdatert 10.02.2010 kl 11:05

Tips ein venn på e-post:

Kampfakta:

  • Aalesund - Sogndal 2–1 (2–0)
  • 1–0 Tor Hogne Aarøy 20. min, 2–0 Magnus Sylling Olsen 36. min, 2–1 Ole Jørgen Halvorsen 90. min (str)
  • Sogndal (4-4-2): Piotr Leciejewski (Joe Bendik frå 46.) - Erlend Nygård Kvalheim, Even Hovland, Lars Grorud (Gøran Wigum frå 46., Thomas Ness frå 84.)), Ahyee Aye Elvis - Ole Jørgen Halvorsen, Mohammed Sesay, Henrik Furebotn, Mats Solheim - Tommy Øren (Valtter Laaksonen frå 73.), Ulrik Flo (Moustapha Cisse frå 46.)

Grorud vart operert etter sesongslutt i fjor, og har drive med rehabilitering sidan. No er han klar for spel, og var på bana dei første 45 minuttane i treningskampen i Sunnmørshallen.

Aarøy spesial

Sogndal opna kampen godt, og var nære ved å scora då Ulrik Flo heada på utsida av stolpen etter seks minutt.

I staden var det Aalesund som tok leiinga, då Tor Hogne Aarøy steig til vérs på fem meter og stanga ballen i nettet bak Piotr Leciejewski 20 minutt ut i kampen.

Eit kvarter seinare satte Magnus Sylling Olsen inn 2–0, nok ein gong var Aarøy involvert. Fyrtårnet brysta ballen ned til Sylling Olsen på seks meter, Leciejewski kom ut men klarte berre å slå ballen i den tidlegare Kongsvinger-spelaren og i mål.

Reduserte på straffe

Etter kvilen gjorde begge lag mange byter, og det vart skapt få sjansar. I kampens nest siste minutt skaffa Moustapha Cisse straffespark til Sogndal, der Ole Jørgen Halvorsen var sikker frå krittmerket og reduserte til 1–2.

Dermed står Sogndal med éin siger, éin uavgjort og to tap under Harald Aabrekk si leiing so langt.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.