...
Foto: Eirik Thue

Fotballfest

I helga blir det mykje jubel i Sogn.

Endre Romøren E-post
Publisert 03.02.2010 kl 15:26 Oppdatert 03.02.2010 kl 15:26

Tips ein venn på e-post:


Leikanger og Balestrand bur seg på storinnrykk av unge fotballspelarar når kvalifiseringsspelet til KM innandørs vert arrangert komande helg. Dei to skal saman med Florø og Skavøypoll arrangera årets meisterskap, der totalt 187 lag og 2000 ungdomar skal delta.

74 kampar

36 av laga skal spela kampane sine på Leikanger, dermed vert dette eit av dei største idrettsarrangementa på den nye parketten i Saften sidan den offisielle opninga av anlegget i juni 2009. 74 kampar skal spelast totalt, der smågute- og småjentelaga spelar laurdag, medan gute- og jentelaga skal i aksjon på søndag.

Gler seg

– Me gler oss til å vera vertsskap for KM innandørs, då Saften er blitt ein flott arena også for fotballen, seier turneringsleiar Rune Henjesand i Syril Fotball, som har ansvaret for dei rundt 200 spelarane som skal i aksjon i løpet av helga. Kampane byrjar klokka ti om morgonen og varar til klokka åtte om kvelden, då det vert spelt finale.

– Me er opptekne av å få aktivitet i hallen, og samstundes skapa oss kompetanse og verdifull erfaring frå å arrangera turneringar av denne storleiken. I tillegg er dette veldig kjekt for våre eigne spelarar her frå Leikanger, som no får spela på heimebane. Det vert høve til å sjå mykje god fotball denne helga, seier Henjesand.

– Eit eventyr

Også i Balestrand vert det konkurrert i klassane smågute/småjente og gute/jente, medan juniorklassane spelar i Florø og Skavøypoll.

– Dette er det største idrettsarrangementet i fylket, og kan med sikkerheit omtalast som vinterens vakraste fotballeventyr, seier domar- og seriekonsulent i Sogn og Fjordane Fotballkrets, Yngve Håkonsen.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.