Sogndal har forsvarsspelaren Richard Kentish frå Jamaica i søkjelyset.
Sportsleg leiar Trond Fylling besøkte den karibiske øy-nasjonen førre veke for å sjå Kentish i aksjon.
Moderne spelar
– Eg såg han i ein treningskamp, i tillegg til eit par økter saman med landslaget. Han er ein moderne og spelande stoppar, som og kan spela på begge sidebackane sidan han er god med begge bein, seier Fylling.
Kentish har dei siste tre åra spelt collegefotball i USA, for laget Southern New Hampshire University. Han fekk fleire utmerkingar førre sesong, der han mellom anna vart kåra til årets forsvarsspelar i nordaust-avdelinga. Han starta alle laget sine 22 seriekampar, og var del av eit forsvar som heldt buret reint i heile 11 av desse kampane.
Må få visum
Kentish skal etter planen koma på prøvespel etter helga, men må først få godkjent søknad om visum.
– Me veit meir på fredag korleis det går med visumet. Me håpar det går i orden, seier Fylling, som vedgår at jamaicanaren kan vera ein mogleg erstattar for Lars Grorud og Even Hovland, som begge er aktuelle for andre klubbar.
Samstundes er det klar at prøvespelaren Daniel Kalstad ikkje får kontrakt med Sogndal, medan Moustapha Cisse får visa seg fram ei veka til.
– Det blir ingenting med Daniel i denne omgang, men me vil følgja han vidare. Cisse har gjort det bra so langt, og scora i begge kampane han har spelt. Han er ein god spelar, som me vil sjå meir av, seier Fylling.
Nye kommentarar