Fleire av Sogn Fjordsymjeklubb sine medlemar symde seg til gode plasseringar i Vintersymje-VM i Bled i Slovenia i helga.
Best plassering fekk Øydis Bøthun som kunne klatra opp på pallen og henta bronse på 50 meter fri, bak ein hollandsk og ein finsk utøvar.
Terje Eggum kom til a-finalen i sin klasse og henta fjerdeplassen på 25 meter bryst, berre sju hundredeler frå bronsen.
I kvinnene sin a-finale symde også Sarah Jane Hails inn til fjerdeplass på 50 meter fri.
Eit stafettlag samansett av Sønnøve Husabø Cirotski, Sarah Jane Hails, Bjørn Morten Galaaen (Os i Østerdalen) og Nils Ove Sollid (Tromsø) under namnet Team Norway kom inn på bronseplass, bak to russiske lag.
VM i vintersymjing i Bled samla nær 700 deltakarar frå 19 nasjonar. Vatnet var mål til mellom tre og fire grader. Lufttemperaturen var litt under null gjennom heile helga.
Neste VM i vintersymjing skal vera i Latvia i 2012.
Nye kommentarar