...
SATSAR HØGT: Friluftstudentane i Berserk 2010 satsar på å skapa høg stemning med bigjump og konsertscene på Sogn Skisenter 20.mars. Frå venstre: Isak Rutledal, Martin Duås, Mads Tønnesson, Jorge Brito, Håvard Haugum, Sondre Setrom, Reidar Halding Øren, Joakim Kveen Volden og Roger Kveen Volden. Foto: Ole Kristian Åset

Førebur bigjump-festival

Inviterer noregseliten til feit akrobatikk.

Ole Kristian Åset E-post
Publisert 20.11.2009 kl 16:35 Oppdatert 20.11.2009 kl 16:35

Tips ein venn på e-post:


– Me satsar på å samla dei beste køyrarane i Noreg til skikkeleg feit hoppakrobatikk. Me ser i tillegg for oss ei magisk stemning i Heggmyrane når mørkret senkar seg og artistane spelar konsert frå scena i botn av bakken, seier friluftsstudent Jorge Brito som står i spissen for arrangørgjengen.

Eindagsfestival

Gruppa på ni studentar ved friluftslivsstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har nyleg starta foretaket Berserk 2010, som ein del av faget «entreprenørskap».

Målet er å få til ein spenstig og familievenleg eindagsfestival i Heggmyrane 20. mars, og arrangementet kjem som eit supplement til Lurkarlaget og Sogn Skisenter sin bigjumpkonkurranse for lokale køyrarar og Fjellsportfestivalen som allereie er godt etablert.

– Eg har tidlegare jobba ved alpintanlegga i Stryn og Hemsedal, der dei har sesongavslutning med festival i bakken. Alt ligg til rette for å få til eit godt arrangement også i Heggmyrane, trur Reidar Halding Øren.

Konsertar

Studentane har budsjettert med utgifter på rundt 200.000 kroner, og dei har mykje arbeid framfor seg i dei fire månadene fram til arrangementet. Mellom anna må sponsorar sikrast.

– Me set oss høge mål, og me vil gje publikum ein skikkeleg oppleving i bakken. Mykje av budsjettet er sett av til å leiga lys- og lydutstyr, og no jobbar me vidare med å få booka artistar som kan appellera til folk i alle aldrar. Me jobbar mot fleire kjende norske artistar og i tillegg lokale band som me vil ha på scena, seier Jorge Brito.

Toppnivå

Dei fleste i Berserk 2010 er sjølv røynde skikøyrarar, med gode kontaktar i miljøet. Deltakarane skal i hovudsak vera spesielt inviterte ski- og snowboardtalent og nye køyrarar som held på å etablera seg på toppnivå. I tillegg vert det eit høve for at lokale talent kan prøva seg.

– Ein god post i budsjettet er sett av til pengepremier til dei beste køyrarane, seier Brito.

Skisenter positivt

– Me synest det er veldig stas at gjengen vil arrangera dette i bakken vår, og me vil gjera det me kan for å leggja til rette for dei, seier dagleg leiar Geir Øygard ved Sogn Skisenter om tiltaket.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.