...
FORUNDRA: Sportssjef Trond Fylling vart litt forundra over utsegnene frå Rune Bolseth om klubbskifte.

Undra over spekulasjonar

Vart litt forundra då han las i Bergens Tidende om Rune Bolseths mogelege avreise.

Jan Inge Fardal E-post
Publisert 14.11.2009 kl 17:40 Oppdatert 16.11.2009 kl 09:44

Tips ein venn på e-post:


– Årsaka til at eg vart litt forundra over innhaldet i intervjuet med Rune Bolseth i Bergens Tidende, er at Rune tidlegare i haust fekk eit historisk godt tilbod som han førebels takka nei til. Avtalen var at han skulle vurdera sin eigen situasjon i forhold til opprykk eller ikkje og eventuelt andre klubbar fram til han kjem frå ferie 10. desember. Då skulle me ta ein ny runde og viss han ikkje aksepterte tilbodet, skulle han eventuelt få eit nytt, seier Trond Fylling, som no er ny sportssjef i Sogndal Fotball.

Det er altså ikkje slik at Rune ikkje har fått tilbod frå oss om ny kontrakt, tvert i mot – han har fått eit godt tilbod. Me vil svært gjerne behalda han, sjølvsagt vil me det, seier Fylling. Han reknar med at partane skal finna ut av dette når dei møtest att den 10. desember.

Ikkje noko enno

– Det går sterke rykte om at Kongsvinger vil ha Rune Bolseth? Har de høyrt noko frå det ferske eliteserielaget?

– Nei, førebels har me ikkje fått noko spørsmål om Rune Bolseth frå nokon klubb.

– Har de fått konkrete spørsmål på andre spelarar som er att i stallen? Det går rykte om at både Lars Grorud og Piotr Leciejewski skal vera heite namn for toppklubbar?

– Det stemmer at Haugesund har vore i kontakt med oss om Lars. Han har kontrakt med oss ut 2010, og det er jo ikkje til å undra seg over om ein spelar som han vil vidare i karrieren. Men det bodet me har fått frå Haugesund er så lågt at det ikkje er i nærleiken av å vera aktuelt. Eg reknar soleis med at Lars spelar for oss, minst ut 2010. Når det gjeld Piotr vil me svært gjerne behalda han, han er kontraktfesta med oss, men me vil gjerne utvida denne kontrakten ytterlegare, me er også ute etter ein yngre keeper.

Hentar talent

I går vart det elles klart at Sogndal hentar 19 år gamle Mohamed Cisey frå Raufoss, dersom arbeidsløyve kjem på plass. Stopparen og midtbanespelaren frå Sierra Leone har imponert Fylling og Harald Aabrekk dei gongene dei har sett han i aksjon.

Eit heilt spesielt talent som både kan spela stoppar og sentral midtbane. Dersom det går i orden med opphaldsløyve og arbeidsløyve er han klar for oss, seier Fylling om ungguten som kom til landet som asylsøkjar. I tillegg til desse skal Sogndal ha ein ny høgreback og ein ny midtspiss – helst typen kraftspiss med stor luftstyrke.

– Me har namn på blokka, men det er for tidleg å gå ut med desse.

Unge skal spela!

– Kva med tenåringane i stallen som Eivind Daniel Rød, Gustav Valsvik og Ørjan Hopen, får dei meir speletid neste år?

– Viss Sarpsborg kan spela om opprykk med 16-åringar på laget, så kan sjølvsagt me. Alle desse tre skal spela mykje om dei er gode nok. Det er viktig for oss å gje dei unge talenta sjansen til å prøva seg skikkeleg. Dette skal me ha eit sterkt fokus på, seier Trond Fylling som samstundes er svært glad for at veteranen på 29, Tommy Øren er attende i Sogndal.

Harald Aabrekk, som har fått seg leilegheit på Slinde, er på plass i Sogndal i løpet av desember.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.