...
GLER SEG: Det er alltid godt å spela viktige kampar, seier Kai Risholt, men han trur ikkje det blir lett å avansera i kvalikkampen mot Sogndal. Her er kongsvingerspelaren i aksjon for Sogndal i fjorårets sesong. Foto: Arkiv

Håpar å senka gamleklubben

I fjor tapte han kvalifiseringa med Sogndal. I år vil Kai Risholt vinna med Kongsvinger.

Kai Martin Brekke E-post
Publisert 05.11.2009 kl 12:48 Oppdatert 05.11.2009 kl 12:49

Tips ein venn på e-post:


I fjor var Kai Risholt toppscorar på Sogndal. I år har han vore inn og ut av førsteellevaren til Kongsvinger.

Etter å ha hatt ei fast rolle som bakromsspiss under Tom Nordli, har det vorte mindre speletid under etterfølgjaren. Fredag håpar Risholt å vera ein av dei elleve utvalde i opprykksdramaet mot Sogndal.

– Eg har eit godt håp om å få starta. Eg er i god form og leverte ein god kamp sist, seier Risholt.

Avgjer gjerne

Og Kai Risholt har eit brennande ønskje om å gå sigrande ut av ein kvalifiseringskamp. Det har han ikkje gjort sidan han var med på å rykkja opp med Start. Som Hønefoss-spelar rauk sjansen til å få kvalifisering i siste kampen. I fjor tapte han opprykkskampen med Sogndal.

– Det er utruleg mykje kjekkare å vinna, seier Risholt som ikkje har noko i mot å vera den som avgjer bataljen mot gamleklubben Sogndal på fredag.

Nordens beste keeper

På Kongsvinger rår det skikkeleg god gamal fotballfeber før møtet med dei svarte og kvite fredag. På gata går diskusjonane høgt, og fredag blir det garantert folksamt på tribunane.

– I byen blir det snakka mykje om å møta Fredrikstad, det er som om ein gløymer at me må slå Sogndal før det eventuelt blir situasjonen, seier Risholt.

Og det trur ikkje den tidlegare Sogndal-spelaren er gjort i ei handvending.

– Eg trur det blir ein veldig tett og jamn kamp. Sogndal er det gjerrigaste laget i 1. divisjon, av og til kanskje litt for gjerrige. Og så har dei den beste keeperen i Norden mellom stengene. Skal me klara å overlista Piotr, må ballen anten setjast rett i krysset eller mellom beina, seier Risholt.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.