...
HAR TRUA: ? Me har leverte gode kampar på Gjemselund tidlegare og har ein god sjanse til å slå Kongsvinger, meiner Håvard Flo. Foto: Arkiv

– Passar oss å vera outsider

Bookmakarane har ikkje trua, men det passar Sogndal bra, meiner Håvard Flo.

Kai Martin Brekke E-post
Publisert 03.11.2009 kl 15:34 Oppdatert 03.11.2009 kl 15:34

Tips ein venn på e-post:


Opprykkstoget er ikkje gått for Sogndal, men vegen fram kan virka tøff. Det meiner i alle fall spelselskapa som ikkje levnar Sogndal store sjansar. Akkurat det trur Håvard Flo ikkje er noko ulempe for Sogndal.

– Det er alltid ein fordel å vera utfordrar. Det trur eg passar odds bra, seier Flo og legg til:

– Me har gjort gode kampar på Gjemselund tidlegare, seier han. Seinast i vår då Tarjei Dale netta to gonger og sikra Sogndal ein fortent siger.

– Ikkje håplaust

Fredag har laget sjansen til å motbevisa oddssetjarane.

– No handlar det om å bruka veka godt. Me må rista av oss vonbrotet etter Hønefoss-kampen og kvar og ein av oss må henta ut det aller beste, seier Flo.

Når laget spring ut på Gjemselundmatta fredag er det vinn eller forsvinn. Fredag skal det kårast ein vinnar. Står det uavgjort ved full tid, blir det ekstraomgangar. Står det resultatet seg etter 120 minuttar, skal det heile avgjerast på straffespark.

Sikre på Fredrikstad

Bookmakerane verkar skråsikre på at Fredrikstad vinn den tøffe kvalifiseringa til Tippeligaen, og at Sogndal taper mot Kongsvinger. Hjå «Betsafe.com» får du no berre 1.60 i odds på at raudbuksene også spelar i landets øvste divisjon i 2010.

Til samanlikning gir Kongsvinger-opprykk 4,5 i odds, og Sogndal-triumf 6,50 i odds. Skulle Sarpsborg 08 gå heile vegen gir det solide 9 i odds.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.