Even Hovland var skuffa etter kampslutt, men vedgår at Hønefoss fortente opprykket.
– Dette var ei blytung oppleving, seier 20-åringen frå Vadheim.
Han kom inn siste halvtimen av kampen. Ungguten, som tidlegare har imponert som midtstoppar, vart sendt rett i angrep. Han fekk vist både fart og muskelkraft. Men korkje han eller dei andre med offensive genar i Sogndal-laget makta å setja lærkula i mål.
– Hønefoss var betre enn oss i dag. Dei skapte meir og var tøffare i duellspelet. Slik sett er det fortent at dei rykkjer direkte opp, seier Hovland.
Nye kommentarar