Sogn Cykleklubb har arrangert sykkelkarusell i Sogndal og Leikanger i haust.
I haust har det vore sykkelkarusell i regi av Sogn Cykleklubb både i Leikanger og Sogndal. 75 ungar deltok i Leikanger, medan 160 trakka seg rundt i Sogndal.
Alle som fullførde to og tre gonger fekk premie, og siste kvelden var det feiring med bollar og saft. Cykleklubben melder om flott innsats og meiner det sjeldan har vore samla så mange ivrige, unge syklistar på ein gong her i distriktet.
Klubben oppmodar òg både ungar og vaksne om å bruka lys og refleksvest når dei er ute og syklar no på hausten.
Nye kommentarar