Søndag spelar Syril sine handballdamer sin første heimekamp nokosinne på Leikanger, når Fjøra kjem på besøk i den nye idrettshallen.
Syril har dei siste åra spelt heimekampane sine i Sogndal, då dei ikkje har hatt eigen hall å spela i. Det er det slutt på no.
– Det blir stort å spela vår første kamp på heimebane her på Leikanger, seier leiar i handballgruppa i Syril, Geir Aase.
– Me er veldig klare, og det meste er på plass. Det verkar som om interessa for kampen er stor, og eg trur både spelarane og publikum gler seg.
Betyr mykje
Linda Kannelønning har vore ein nøkkelspelar på Syril sidan laget vart starta opp i 2007, og ho merkar allereie at den nye hallen betyr mykje for handballmiljøet i bygda.
– Det vert fantastisk å få spela på ei bana som er vår. Tidlegare måtte me reisa uansett om me hadde heime- eller bortekamp, i tillegg til alle treningane. No kan me berre «stikka opp i hallen ein tur», noko som er veldig herleg, seier ho.
– Me hadde vår første handballtrening nokonsinne utan<\h>døra i ein ballbinge, med rim på graset. Etter dette har me trent i Balestrand og Sogndal, men no er me endeleg heime.
Spelarauke
Den nye hallen har sørgja for stor auke i interessa for handball på Leikanger.
– Me har merka ein tydeleg oppsving i tal spelarar på laget etter at hallen kom. I år er me 24 spelarar i stallen, så mange har me aldri vore tidlegare, seier leiar Aase.
– I 2005 hadde me berre eit par jentelag på aldersbestemt nivå, no har me fleire lag både på gute- og jentesida, og eit damelag i seriesystemet. For fire år sidan var det 25 spelarar og seks leiarar i klubben, no er talet 125 spelarar og 25 leiarar. Det seier sitt om utviklinga.
I tillegg til dette skal Syril starta herrelag i handball, som skal ha treningar éin gong i veka som eit prøveprosjekt det første året.
– Tryggare
Nestleiar i handballgruppa, Tore Oddvin Stølen, peikar på den auka tryggleiken som følgje av mindre reising som ein viktig og positiv effekt av den nye idrettshallen.
– Det vert mykje mindre køyring, og me slepp til dømes å avlysa treningar som me har måtta gjort ved fleire høve tidlegare, då me har vurdert vegtilhøva som farlege å køyra på. No må me ikkje planleggja reising til kvar kamp og trening i detalj lenger, så dette gjer det lettare på alle måtar, seier Stølen.
– I tillegg trur eg den nye hallen vil føra til ein oppsving i idrettslaget på generell basis. Foreldre vil lettare stø opp då dei slepp å reisa til Sogndal, og me kan få i gong andre aktivitetar som basketball, volleyball og innebandy.
Går for siger
Men først skal Fjøra tuktast i helgas serieopning.
Målsetnaden vår i år er å vinna tre kampar i løpet av sesongen. Det høyrest nok litt defensivt ut, men me spelar mest for moro skuld, då det sosiale er viktig for oss, seier oppmann for laget, Monica Åsnes.
– Men me ønskjer sjølvsagt å prestera óg, så det hadde passa fint med ein siger allereie i serieopninga. Kampen er i tillegg litt spesiell, då fire av Fjøra-spelarane spelte for oss i fjor. Me reknar med og håpar at bygdefolket tek turen og ser på oss på søndag, seier ho.
Nye kommentarar