...
MISTA SIGEREN: Veitastrond brukte Kurt Heggestad i 3?2 kampen mot Selje 16. august, men er fråtekne sigeren då kantspelaren hadde tre gule kort. ? Me tykkjer dette er urettvist, då det på fotballkretsen sine heimesider står at Kurt berre hadde to gule kort, seier assistenttrenar og web-ansvarleg i Veitastrond, Richard Nes. Foto: Arkiv

Rasar mot fotballkretsen

Veitastrond er i harnisk etter å ha blitt fråtekne 3–2 sigeren mot Selje 16. august.

Endre Romøren E-post
Publisert 02.09.2009 kl 12:10 Oppdatert 02.09.2009 kl 12:34

Tips ein venn på e-post:


Straffa kjem som følgje av at Kurt Heggestad ikkje skulle spelt kampen, då han hadde tre gule kort.

Men i følgje kretsen sin eigen nettstad hadde Heggestad berre to gule, og dermed rekna klubben med at han var speleklar.

Rasar

Selje leverte inn protest etter oppgjeret, då dei hadde las på Veitastrond sin nettstad før kampen at Heggestad hadde tre gule. Resultatet vart sett til 0–3, Veitastrond mista tre særs viktige poeng og fekk i tillegg ei bot på 3000 kroner. Dette får 4. divisjonsklubben til å rasa mot fotballkrinsen.

– På kretsen sin nettstad stod det at Kurt berre hadde to gule kort, og me valde difor å spela med han frå start, seier assistenttrenar og web-ansvarleg Richard Nes.

Rot med kamprapport

Årsaka til at Heggestad berre var registrert med to gule kort er at kamprapporten frå oppgjeret mellom Skavøypoll og Veitastrond 20. juni, der han fekk det tredje, var vekke.

– Kretsen hadde ikkje noko bevis på det gule kortet, men baserer seg på ein telefonsamtale med domaren frå kampen, som seier at han hugsar å ha gjeve kort til Kurt. Med andre ord baserer dei seg på det to månader gamle hugse til domaren, og brukar dette som hovudargument i sitt vedtak, seier Nes.

Urettvist

Nes meiner Veitastrond vert skadelidande på grunn av at Heggestad er eit kjent fotballansikt i fylket.

– Fleire andre spelarar på begge lag fekk gult kort i kampen, men domaren hugsa ikkje kven dette var, og dermed vert ikkje desse korta gjeldande. Med andre ord vert både klubben og spelaren kraftig straffa fordi Kurt er ein kjend spelar. Med bakgrunn i dette kjenner me oss urettvist handsama, tordnar Nes.

– Klubben sitt ansvar

Leiar i Sogn og Fjordane Fotballkrets, Svein Olav Myklebust, er klar på at det er klubbane sitt ansvar å halda orden på talet på gule og raude kort.

– Det er klinkande klare lover og retningslinjer på dette, der klubbane sjølve må ha oversikta over eigen kortsituasjon. Systemet vårt garanterer ikkje at det som står der er rett, då me får inn tusenvis av domarkort, og dermed har feilmarginar, seier Myklebust.

Myklebust meiner Veitastrond burde kontakta kretsen i forkant av kampen, sidan dei var i tvil om Kurt Heggestad kunne spela eller ei.

– Då ville me sjekka statistikken, og funne ut at kamprapporten frå den eine kampen mangla. Deretter ville me kontakta domaren, og fått eit klart svar. På denne måten kunne det heile vore unngått, seier han.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.