Leikangerskyttaren Tone Anette Espe.
Tone Anette Espe fekk klaff på 200-meteren under Landsskyttarstemnet i Evje. Leikangerskyttaren plotta inn 243 poeng og har fått bane nummer åtte når det skal kjempast om prisessetittelen.
Marianne Stigen frå Leikanger leverte også god skyting. Ho enda på 241 poeng og ligg så langt på ein 20. plass samanlagt når 3 lag står att å skyta.
Nedtur
Herrane i klasse 5 har så langt levert svak skyting på bana.
Vegard Solhaug frå Aurland, som hadde som mål å nå ein plass i det gjeve laget, fekk det ikkje til å stemma. Han enda på fattige 237 poeng.
Betre gjekk det ikkje for ein av dei andre favorittane, Svein Kåre Furre frå Leikanger. Den vanlegvis så solide skyttaren sprakk fullstendig og enda på 230 poeng.
Av dei lokale skyttarane på herresida var det Ole Bjarne Hovland og Robert Sandvik som gjorde sine saker best. Knipenborg-skyttarane plotta inn 242 poeng kvar. Det var eit poeng betre enn Eivind Yttri frå Leikanger.
Nye kommentarar