...
FOTBALLPENSJONIST: Harald Lødemel legg fotballskoa på hylla og har dermed spelt sin siste kamp for Årdal FK. ? Det er vemodig å forlata klubben, då eg har hatt ei veldig fin og artig tid her, seier midtbanemotoren. Foto: Arkiv

Legg fotballskoa på hylla

Harald Lødemel legg fotballskoa på hylla og har med det spelt sin siste kamp for Årdal FK. No flyttar han attende til Toten-området, etter eitt år i industribygda.

Endre Romøren E-post
Publisert 02.07.2009 kl 10:10 Oppdatert 02.07.2009 kl 10:10

Tips ein venn på e-post:


Både eg og kona mi har fått jobb som lærarar der, difor vel me no å flytta på oss, seier Lødemel.

34-åringen kom til klubben i juli i fjor, og har vore ein viktig spelar for grøntrøyene.

– Eg har hatt ei veldig fin tid her i Årdal, då det er mange flotte personar i miljøet i og rundt klubben. Det er vemodig at det heile er over, då fotballen er noko eg har levd av og drive med heile livet, seier han.Lødemel har erfaring både frå eliteserien og 1. divisjon, etter spel for mellom anna Start, Sogndal og Raufoss.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.