...
? BEST: ? Snøen her på Sognefjellet er veldig god, og løypa er like utanfor utgangsdøra. Treningsfasilitetane her er fantastisk gode, og dette er den klart beste plassen å trena på denne tida av året, seier verdas beste skiskyttar Ole Einar Bjørndalen, som denne veka er på landslagssamling på Sognefjellet Sommarskisenter. (Foto:Tor Yttri)

Stortrivst på Sognefjellet

Ole Einar Bjørndalen er saman med resten av skiskyttarlandslaget på treningssamling på Sognefjellet denne veka, og verdas beste skiskyttar er ikkje i tvil: – Dette er den beste plassen å trena på noværande tidspunkt, seier han.

Publisert 31.05.2009 kl 13:04 Oppdatert 31.05.2009 kl 13:05

Tips ein venn på e-post:


Det er særskilt moglegheiten til å få gå på god natursnø som imponerer den fem-dobbelte olympiameistaren.

– Snøen her er veldig god, og mykje betre enn på breane i alpene, seier Bjørndalen.

– I tillegg bur me like ved løypa, noko som er heilt genialt. Me kan ta på oss skia utanfor inngangsdøra, og setja i gong utan noko ventetid. Sånt set me stor pris på, då løypa her er veldig bra, og me får trent mykje på ski. Véret har vore veldig bra sidan me kom, så det er rett og slett fantastisk for oss å få sånne treningstilhøve på denne tida av året.

Trenar mykje

Det vert arrangert OL i canadiske Vancouver komande sesong, og opphaldet på Sognefjellet er ein viktig del av sesongførebuinga for Bjørndalen og resten av landslaget.

– Dette er den hardaste delen av opptreninga før sesongen. Me har mykje mengdetrening på det fysiske, og driv stort sett på heile dagen. Arbeidet me legg ned her er veldig viktig, då det dannar grunnlaget for resten av sesongen, seier han.

Og at det er hardt er det ikkje tvil om. Utøvarane står opp klokka 7, trenar 45 minutt med tørrskyting innandørs, før dei køyrer ei to-tre timars skiøkt rundt i den åtte kilometer lange løypa attmed Sognefjellshytta. Så er det lunsj og restituering, før ei ny økt på eit par timar ventar om ettermiddagen.

Satsar på 2014

35-åringen frå Simostranda, som er busett i austeriske Obertilliach, har ingen planar om å legga rifla på hylla etter komande sesong, sjølv om han har vunne alt som er mogleg å vinna i karrieren sin.

– Eg har bestemt meg for å satsa mot OL 2014 i russiske Sochi. Eg kjenner meg i like god form som alltid, og meiner eg skal klara å halda høgt nivå fram til eg nærmar meg 40 år, seier Bjørndalen.

– Du har fem OL-gull, 14 VM-gull og seks samanlagtsigrar i verdscupen.<$> Korleis er du framleis motivert til å halda fram?<$>

– Eg er vel berre motivert rett og slett. Ein kan alltid bli betre i denne idretten, som er grunnen til at det er så fascinerande å driva med. Eg kan bli betre på alle område, og ønskjer alltid å gjera ting heilt optimalt. Det er veldig mykje å bli god på og mykje å beherska på ein gong i skiskyting, dermed finn eg alltid nye utfordringar.

– Eg må vera vaken og på tå hev heile tida, då ting går veldig fort og alle utøvarane stadig søkjer etter å bli betre.

Stor utvikling

Bjørndalen tykkjer sporten har utvikla seg enormt sidan han tok steget opp på seniornivå.

– I 1994 var det sterkt å skyta ein serie på eitt minutt. No vert den same serien gjort på 16 sekund. Ein skiskyttar i dag må gå like fort på ski som ein langrennsløpar, og skyta like godt som ein spesialskyttar. Det seier seg sjølv at dette er veldig krevjande. Under Nagano-OL i 1998 vann eg gull med ein skyteserie på 1.05 minutt, skal eg vinna i dag må eg ned på 25 sekund, seier han.

Sognefjellet populært

Det er ikkje berre dei norske skiskyttarane som legg treningsturen til Sognefjellet på denne tida. Anders Fortun fortel at det russiske landslaget var på plass tidlegare i mai og at det framover kjem landslag frå Japan, USA, Canada, Austerike, Sveits og Estland. Men først på besøkslista står dei norske langrennslandslaga. Elitegruppene for menn og kvinner kjem til Sognefjellet rett over pinse.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.