...
FOLKEFEST: Over 300 deltakarar sprang og gjekk til toppen av Storehaugen, der god temperatur og tidvis solskin gjorde Storehaugen Opp til ein folkefest i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving

Historisk motbakkeløp

Over 300 deltok i går på det første motbakkeløpet i Lærdal nokon gong.

Birthe Johanne F. Finstad E-post
Publisert 22.05.2009 kl 10:57 Oppdatert 22.05.2009 kl 11:02

Tips ein venn på e-post:

Storehaugen Opp

...

Storehaugen Opp gjekk med sine 908 meter rett opp av stabelen i Lærdal i går.

Vêrgudane var på arrangørdebutantane si side, og over 300 aktive og trimmarar kom seg heilt til topps på Storehaugen.

Sjå bilete frå motbakkeløpet i biletspesialen til høgre.

Arild Een frå Ørnar IL vart vinnar av løpet totalt. Han kom seg opp og i mål på 35 minutt og 41 sekund. På andreplass kom Mats Mjøs Andersen frå Varegg IL, framfor Leif Bjørn Grindedal frå Feios på tredje.

Alle deltakarane samla seg utover dagen på toppen, og det blei det arrangørane karakteriserer som ein folkefest til fjells på Storehaugen.

Les meir om Storehaugen Opp i morgondagens papirutgåve av Sogn Avis.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.