...
JUBLAR: Veitastrond sikra seg klubben sin første pokal i fjor, men no er han sporlaust forsvunnen. Her jublar laget etter ein siger mot Hafslo i fjor haust. Foto: Arkiv

Pokalen som forsvann

– Eg har ikkje sett han sidan me fekk han, seier trenaren.

Birthe Johanne F. Finstad E-post
Publisert 12.05.2009 kl 14:10 Oppdatert 12.05.2009 kl 14:10

Tips ein venn på e-post:


Fotballaget til Veitastrond blei skipa i 2004, og sidan då har strendingane sikra seg berre ein pokal – då dei vann KM i femtedivisjon i fjor haust.

Då skulle ein kanskje tru at dei vakta pokalen og plasserte han på ein lur plass, gjerne bak ei glasdør med lås på. Så feil kan ein ta.

Borte vekk

– Eg har ikkje sett pokalen sidan me fekk han. Eg anar ikkje kvar han er, seier veitastrondtrenar Emil Heggestad til Firda.

Enkelte av spelarane meiner pokalen blei sett igjen i bomstasjonen i Fjærland, strendingane fekk nemleg premien etter å ha vunne 5-3 mot Førde i KM-finalen på Skei. Men mannskapet på bomstasjonen har ikkje sett den forsvunne pokalen.

Trenar Heggestad forsikrar om at det ikkje blei feira i hardaste laget etter finalen, og meiner at pokalen ikkje kan ha forsvunne i sigers- eller anna rus.

– Nei, me gjorde ikkje det heller. Kanskje det er nokon som spelar oss eit puss, undrar trenaren for den unge fotballklubben.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.