Det lukta svidd i danske solstudio då sogningane var på treningsleir.
Halve fotballaget til Vik såg ut som rosa griser etter ein omgang med dansk solarium.
Såg ikkje ut
– Det vart litt i overkant. No kjenner eg ingen ting, men det var ubehageleg første natta, og det vart lite med søvn, seier Renè Anthony Haugen (23) ei veke etter det som kan karakteriserast som eit lite påskemareritt i dansk solarium.
Troppen med a-lagsspelarar frå Vik drog til Danmark palmesøndag. I tillegg til to daglege treningsøkter, vart det tid til sosiale aktivtetar og utvending bruning av kroppen.
«Det var ikkje akkurat La Manga-temperatur, så ein del av dei yngre spelarane ville nytte seg av solariumet», sa kaptein Jarle Christensen til NRK Sogn og Fjordane i påskehøgtida.
– Det var verst på ryggen. Aloe vera berga ein del smerter, men det var fælt. Seinare datt huda av i store flak, seier Haugen.
Sterk dose
Midtbanespelaren pådrog seg ein skade første dagen i Danmark, dermed vart det ekstra rikeleg tid til studiosoling.
– Me var ikkje klare over at strålinga i danske solarium er tre gonger så sterk som her heime i Noreg. Det stod sikkert ein eller anna plass, men det fekk ikkje me med oss, seier Øystein Myrkaskog (20).
Forbrenninga er eit tilbakelagt stadium, no er spelarane tente på serieopninga mot Kaupanger.
Nye kommentarar