Råsterk siger

Thor Henning Heggestad viste musklar under NM.

Jan Egil Fimreite E-post
Publisert 02.06.2008 kl 18:44 Oppdatert 02.06.2008 kl 18:44

Tips ein venn på e-post:

...
GULL: Thor Henning Heggestad sikra seg gull i NM.

Han fekk gull under NM i benkpress i Sande i helga. Arild Kråkenes, som også representerer Veitastrond, fekk bronse i NM. Også ein tredje deltakar frå Sogn, Per Arinn Solli, som representerte klubben Odin, fekk ein fjerdeplass i klassen yngre veteran med 125 kilo. Han stilte i nittikilosklassen.

Rekordforsøk

Heggestad stilte i klassen minus 90 kilo og fekk opp eit løft på 230 kilo. Det heldt til siger. Heggestad prøvde seg også på norsk rekord med 241 kilo, men det gjekk ikkje i denne omgang.

Arild Kråkenes i klassen minus 110 kilo, hadde ikkje marginane på si side under stemna i Sande. Han starta på 215 kilo, noko som gjekk greitt. Så greitt at han like godt la vekta opp på 230 kilo, som i tilfelle ville ha vore norsk rekord. Han fekk opp vekta, men var uheldig og kom borti stativet. Dermed vart løftet underkjent.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.