BALESTRAND: Den 19 år gamle løyperekorden vart knust under Esefjorden Rundt i dag.
I 1989 sette balestrendingen Torborg Jorddal ein rekord i det tradisjonsrike landevegsløpet som dei fleste trudde ville bli ståande til evig tid. Men Annie Bersagel, som spring for Tjalve IL, viste at rekorden var utgått på dato. Ho smadra den 19 år gamle rekorden med heile 44 sekundar. Ho var i føringa heilt frå start på Tjugum til ho kom i mål på Balahaugen.
– Det var litt tungt mot slutten, men det heldt heldigvis til rekord, seier vinnaren.
Nær rekord
Også i herreklassa gjekk det styggfort i det flotte løpsveret. Men Svein Inge Buhaug sin rekord frå 1998 overlevde med eit naudskrik. Joachim Brøndbo frå Steinkjer fekk tida 25.07, som er 16 sekundar etter løpsrekorden.
– Eg kom for å ta rekorden, og det er litt surt at det ikkje gjekk, seier den suverene vinnaren av årets Esefjorden Rundt. Les meir om folkefesten i Sogn Avis si papirutgåve laurdag.
Nye kommentarar