Sløsa vekk sigeren

ÅRDAL: Jotunjentene hadde sigeren innan rekkevidde, men sløsa vekk poeng i siste sekund. – Eg har ikkje ord, seier trenar Øyvind Indrebø.

Publisert 09.02.2008 kl 21:46 Oppdatert 09.02.2008 kl 22:00

Tips ein venn på e-post:

...
BITTERT: Vita Muhkina og Jotun hadde kontroll, men slurva vekk eitt poeng i siste sekund. Foto: Hanne Stedje

Kampfakta:

  • Jotun - NHHI 26-26 (13-11)

Sjølv om kampen var jamnspela frå fyrste kast, men Jotun hadde overtaket det meste av fyrste omgang. Stillinga ved pause var 13-11 i vertskapet sin favør, og andre omgang heldt fram som fyrste slutta. På eit tidspunkt leda Jotun 20-15, men godt halvveges ut i omgangen, byrja det å stokka seg og NHHI tok att heile forspranget. Etter to særs kaotiske sluttminuttar der Jotun måtte spela med ein mindre, enda kampen med 26-26 og poengdeling.

– Det er bittert. Eg har ikkje ord. Det er alt eg kan seia nett no, sa ein nokså mutt trenar Øyvind Indrebø umiddelbart etter kampen.

Kaptein Marianne Stedje Øren er noko meir snakkesalig, men vedgår at det er skikkeleg surt.

– Forsvaret er bedre i dag enn sist, me har meir humør og meir tenning, tykkjer eg. Når me køyrer tempo er me fleire hakk betre enn NHHI, og me burde ha valsa over dei, men det skjærer seg heilt i etablert angrep denne gongen, seier ho.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.