Stormoen i tenkjeboksen

SOGNDAL: Sogndal eller Kongsvinger? Det er valet for Harald Stormoen (27).

Publisert 21.11.2007 kl 19:40 Oppdatert 21.11.2007 kl 19:40

Tips ein venn på e-post:

...
VURDERER TO ALTERNTIV: Kongsvinger-kaptein Harald Stormoen vurderer om han skal skifta beite. Hans første konkurrent om plass på laget i Sogndal blir Daniel Lubieniecki. Her møttest dei på Gjemselund i haust.

No har han reist heim for å tenkja.

Kongsvinger-kapteinen var måndag og tysdag i Sogndal for å trena med laget og sjå nærare på klubben. No har midtbanesentralen reist tilbake til Kongsvinger for å fordøya inntrykka.

– Inntrykket eg sit att med er at Sogndal er ein fin klubb med eit godt apparat rundt seg og med gode fasilitetar. Eg har fått eit positivt inntrykk, heilt klart, seier Harald Stormoen.

Avslo KIL-kontrakt

27-åringen er Bosman-spelar og har ti år bak seg på Gjemselund. Kongsvinger ønskjer helst at kapteinen forlengar kontrakten, men Stormoen har allereie vendt tommelen ned til eit tilbod. Avslaget gjorde at hedmarkingane sette i gong søket etter ein erstattar.

– Kongsvinger ønskjer at eg blir, men så lenge eg takka nei til tilbodet gjorde dei det klart at dei måtte begynne å sjå etter andre alternativ på min plass og at eg såleis tek ein risiko, fortel han.

Miljøskifte

Avslaget er likevel ikkje einstydande med at valet fell på Sogndal. Stormoen seier han trivst på Kongsvinger og framleis har moglegheit til å halda fram for klubben han har tent for i ti sesongar.

– Eg trivst bra her og er glad i KIL. Det er dette eg må vurdera opp mot eit miljøskifte og sjansen for nye utfordringar.

Andre klubbar skal ikkje ha vist konkret interesse.

– Eg har prata med eit par andre klubbar, ja, men har ikkje kome så langt med nokon andre klubbar som med Sogndal, hevdar han.

Enno har KIL-strategen ikkje blitt forlagt noko kontraktsforslag, men det skal ifølgje han sjølv koma på bordet om få dagar.

– Eg har ikkje fått noko kontraktsforslag enno. Eg var der mest for å bli kjend med klubben og sjå på forholda. Det skjer vel til veka vil eg tru.

Økonomisk skilnad

Sogndaltrenar Karl Oskar Emberland har allereie uttalt ønske om å signera spelaren og haugesundaren gav følgjande karakteristikk av Stormoen:

– Ein klok og flink spelar som har halde høgt 1. divisjons-standarard i mange, mange år. Han er også ein fin leiartype i gruppa.

Hovudpersonen peikar på den økonomiske faktoren som den største skilnaden på dei to klubbane som på mange måtar har levd eit synonymt liv i norsk toppfotball.

– Klubbane har ein del likskapstrekk. Begge er små klubbar på ein liten stad. Men Sogndal er ein større klubb økonomisk. Ser ein på budsjetta brukar dei vel omtrent det dobbelt av KIL etter det eg har forstått.

– Er det opprykk til eliteserien du har ambisjonar om?

– Ja, det er det eg har lyst til. Eg fekk med meg nokre kampar i 98/99 før me rykte ned. Det hadde vore moro å oppleva det igjen.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.