Krav om retur

VEITASTROND: Fao Frank «Hissigpropp» Heggestad tebake i VIL-trøyao i 2008. Fotballentusiastane på Veitastrond kopierte Saftkokaradn for å overtala Frank Heggestad (33) til comeback.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Publisert 22.10.2007 kl 17:18 Oppdatert 22.10.2007 kl 17:18

Tips ein venn på e-post:

...
AKSJON: Veitastrond-spelaren Frank Heggestad hadde pensjonert seg for å satsa på ei dommarkarriere. Men etter at heimefansen på Strondi samla inn 34 underskrifter gjer 33-åringen heilomvending og satsar vidare for VIL i 5. divisjon.

Tilhengjarskaren rundt klubben fryktar nemleg at Veistastrond blir slaktoffer i neste års 5. divisjon om den pensjonerte midtbanestrategen ikkje knyter på seg fotballskoa att.

Stort behov

«2007 sesongen har stort sett vore ein sportsleg opptur. Likevel har det svikta totalt i enkelte kampar, og særleg 1–9 tapet mot Hafslo er hardt å svelja. I slike kampar ville ein rutinert spelar som Frank gått inn og samla troppane, heldt roa og hindra at me hadde gått på slike kjempesmellar. No når me skal opp eit nivå er eg stygt redd for at det vil komma mange slike kampar, og då vil Frank vera skilnaden på ein fiasko- eller ein suksessesong.», skriv onkel og initiativtakar, Arvid Heggestad på klubben sin eigen nettstad.

Han adopterte difor Saftkokaradn sin Eirik Bakke-aksjon og gjekk til innsamling av underskrifter i lustrabygda som tel om lag 110 innbyggjarar. Og etter ein månad lang kampanje ser det ut som den såkalla «VIL-fansen» lukkast best. For medan Eirik Bakke ser ut til å bli verande i Brann, har den pensjonerte Veitastrond-strategen bestemt seg for å ta supporterane sitt krav om comeback til etterretning.

34 signerte

På klubben sin avslutningsfest sist helg fekk 33-åringen overrekt lista som stadfesta at 34 personar, eller om lag 31 prosent av bygdefolket, ønskjer Heggestad tilbake på Leikvoll stadion. Etter eit familieråd gav Heggestad etter for trykket og sendte ut pressemelding der han gav fotballkrinsen beskjed om at han ofrar dommarkarrieren til fordel comeback i VIL. Overfor Sogn Avis hevdar han likevel at det ikkje var dei 34 underskriftene som vart utslagsgjevande for valet.

– Nei, det var vel eigentleg ikkje det, for det var snakk om å begynna igjen før dette kom i gong, men underskriftene la ikkje akkurat nokon dempar på lysta, smiler Nav-med<\h>arbeidaren.

Han ser optimistisk på ein sesong i 5. divisjon.

– Eg har trua på at det kan bli bra neste år. Me får nokre nye spelarar inn og me skal opp ein divisjon. Eg trur det blir spennande.

– Men kva om dommarstanden set i gong ein underskriftskampanje for å få deg tilbake?

– Eg har dømt i tre år, men fann vel ut at det var meir moro å spela, seier Heggestad.

Eller som han sjølv skriv i pressemeldinga:

«Det er som nemnt artigare å gje dommaren inn med kjeft, enn å vere den som tek imot.»

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.