LEIKANGER: Spelande Gaular-trenar Trond Olsen nytta sterke ord då han skjelte ut dommar Per Oddvar Lien.
| Trond Roger Nydal trond.roger.nydal@sognavis.no | |
| Publisert 26.09.2007 kl 09:55 Oppdatert 26.09.2007 kl 10:23 |
Med atten års fartstid som pipeblåsar i seniorfotballen skulle ein tru Høyang-dommaren hadde opplevd dei fleste episodar og ukvemsord på ei fotballbane. Men i 5. divisjonskampen mellom Syril og Gaular søndag vart dommar Per Oddvar Lien ei erfaring rikare.
Kvinneleg kjønnsorgan
– No var jo han nordlending og dei er kjende for å vera litt meir voldsomme i ordbruken, men eg har ikkje blitt kalla noko slikt tidlegare, seier Lien og stadfestar overfor Sogn Avis at Gaular-trenar Trond Olsen tok i bruk gloser som ikkje høyrer heime på fotballarenaer.
– No må eg formulera meg riktig, men det som vart sagt var at "Du dømmer som ei fitte", fortel den 44- år gamle Høyang-dommaren.
Den siste halvtimen i kampen delte Lien ut utrulege tre raude kort, det siste då Gaular sin spelande trenar ti minuttar før full tid titulerte kampleiaren direkte med det kvinnelege kjønnsorganet. Ifølgje regelboka kvalifiserer ordbruken for ingenting anna enn direkte raudt kort og marsjordre.
Langt over grensa
– Ingen tvil om at det er langt over grensa. Det er nok berre å seia det, men når du seier det direkte til dommaren er det å gå langt over streken, seier Per Oddvar Lien.
Han har sjølvsagt rapportert det grove overtrampet inn til fotballkrinsen og let det vera opp til krinsen å avgjera straffeutmålinga. Sjølv er den rutinerte fotballdommaren ferdig med saka.
– Det er ein episode som skjer i kampens hete. Ein må vera førebudd på slikt når ein er fotballdommar. Livet går vidare og for min del er denne kampen ute av verda.
Beklagar ikkje
Men det same er ikkje tilfellet for Gaular sin spelande trenar Trond Olsen. Den 33 år gamle finnmarkingen stadfestar ordbruken og held fast på utsegna med ei viss korrigering.
– Ja, det kan eg stadfesta, og det står eg for enno. For han var elendig, og eg kunne sagt det same rett opp i fjeset på han om me møttest igjen. Han dømde faktisk som ei "stor fitte", seier ein openhjertleg Olsen når Sogn Avis konfronterer han med episoden.
– Så du ser ingen grunnar til å beklaga deg overfor dommaren?
– Nei, det gjer eg faktisk ikkje. Det er sikkert mange som ville gjort det for å redda sitt eige skinn, men eg står for det eg har sagt.
Dommaren medverka
Olsen, som har ei fortid både i det svenske og engelske divisjonssystemet, hevdar Lien sjølv var sterkt medverkande til måten kampen utvikla seg på med å oversjå ei rekkje klare frispark forårsaka av Syril-spelarane.
Gaular-trenaren og avviser at det var det nordlandske lynnet som vart utslagsgjevande for den kraftige ordvalet. Begeret flomma rett og slett over.
Fryktar ikkje reaksjonar
– Eg blir drita lei til slutt og vart vinka av for å ha gått fem meter i offside. Då trillar eg ballen vekk, går mot han og seier det slik at heile stadion skulle høyra det, for eg meinte han fortente det. Eg visste eg ville bli utvist, men eg har aldri meint noko så inderleg og sterkt som då.
– Og at han ikkje har fått med seg at eg sa "stor" er også dårleg av han. Men eg har forståing for at han også kan ha ein dårleg dag på jobben, seier ein lattermild Trond Olsen utan frykt for straffereaksjonane han truleg har i vente frå fotballkrinsen.
– Om eg får karantene betyr det ingenting. Eg spelte min siste kamp for året og om eg må stå over 50 kampar så gjer det ikkje noko, meiner Olsen.
Syril vann bataljen 8–3 og sikra seg opprykk til 4. divisjon.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar