ÅRDAL:Nils Tore Krosshaug forlet Kaupanger til fordel for gamleklubben i Årdal.
Det opplyser leiar i Årdal FK, Geir Kjetil Øvestetun no i ettermiddag.
– Me er særs nøgde med å ha fått Nils Tore sin signatur på plass. Han var eit opplagd fyrsteval og har vore det namnet arbeidsgruppa ynskte å jobba vidare med. Prosessen har vore veldig konstruktiv og i og med at me kjenner Nils Tore særs godt, er me heilt sikre på at me har gjort eit glimrande val, seier han.
Nils Tore Krosshaug er samd, og legg til at han ser fram til å ta fatt på ei rekkje utfordringar årdølene står overfor, uansett kva divisjon dei skulle hamna i.
– Det er faktisk litt uvesentleg i høve til dei oppgåvene eg skal gje meg i kast med, for eg tenkjer meir langsiktig. Det er snakk om ein femårskontrakt, og det er viktigare for meg å styrka klubben sin eigenrekruttering og byggja opp ein spelarstall frå eigne rekkjer, seier han.
Krosshaug har tidlegare fire år som spelar for Jotun og var dessutan trenar i to sesongar før han vende nasen ut fjorden att. Han er busett på Leikanger og seier det er uaktuelt for han å flytta til Årdal. Etter planen skal han ta til i stillinga frå 1.januar.
Nye kommentarar