Syril misbrukte sjansen

LEIKANGER: Syril hadde sjansen til sikra seg opprykk med siger over Bremanger på heimebane søndag. Det enda med 2 - 3-tap.

Publisert 09.09.2007 kl 16:35 Oppdatert 09.09.2007 kl 16:35

Tips ein venn på e-post:

...
TAP: Erlend Nilsen og Syril hadde sjansen til sikra seg opprykk med siger over Bremanger på heimebane søndag. Men slik gjekk det ikkje.

Syril starta kampen best og spelte seg fram til fleire store sjansar. Utteljing blei det først etter 18 minuttar då Steinar Henjum vart spelt fint fri i midten. Åleine med keeper gjorde måltjuven ingen feil. Heimelaget var oppskriftsmessig i leiinga. Syril burde putta på fleire før kvilen, men det blei med den eine skoringa dei første 45 minuttane, ein omgang heimelaget styrde, men der også Bremanger var farleg frampå ein par gonger.

Fall saman

Fire minuttar inn i den andre omgangen trudde mange at opprykket var klart då Erlend Husabø auka leiinga på ei perle av eit skot frå 25 meter, men slik skulle det ikkje gå. Bremanger reduserte få minuttar etter på straffe og skapte ny spenning i kampen. Heimelaget fall saman og overlet kommandoen til gjestene. Den gesten tok Bremanger godt vare på og netta to gonger til før dommaren bles av. Med tre kampar att å spela ligg Syril framleis godt an til å nå opprykk. Luka ned til Bjørn på tredjeplass er på fem poeng. Dei to møtest til innbyrdes oppgjer i Gaupne i neste runde.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.