Nær tosifra for Syril

LEIKANGER: Syril tek ferie på andreplass på femtedivisjonstabellen etter å ha mørbanka Eid 2 med 9 - 2 på Syril stadion i kveld.

Publisert 26.06.2007 kl 21:50 Oppdatert 26.06.2007 kl 21:53

Tips ein venn på e-post:


Syril er oppe på 18 poeng og tok eit nytt steg mot opprykk. No er det fem poeng ned til Gaular på tredjeplass.

Eid 2 sette eit støkk i heimepublikumet då dei gjekk opp i leiinga tidleg i kampen. Ein feil i Syril-forsvaret gjorde oppgåva lett for Johannes Myklebust. Men Syril slo raskt tilbake ved Jan Tore Slinde og tok fullstendig over kommandoen i kampen. Tre nye mål signert Joar Slinde, Tommy Hildeskor og Erlend Husabø sikra heimelaget 4 - 1 - leiing til pause.

Etter to nye nettkjenningar av Jan Tore Slinde i starten av andre omgang gjekk kampen inn i ein daudperiode. Jim Huberstad reduserte for gjestene før Syril vakna og sette inn sluttspurten, anført av ungutane på laget. I løpet av dei ti siste minuttane noterte Stian Nornes seg for to nettkjenning, før ein annan av dei unge talenta, Ruben Tøfte, fekk æra av å avslutta målshowet med å setja inn 9-2.

Det høyrer med til historia at Eid 2 ikkje hadde med seg innbytarar og måtte fullføra kampen med ti mann då Henning Haugen måtte ut med skade i andre halvdel av andre omgang.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.