Fotballkamp som sa SEKS

FOTBALL: I 6. divisjon går det meste an. Kampen mellom Veitastrond og Aurland/Lærdal 2 enda 6-6. Ikkje nok med det: Kampen vart spelt 06.06.06.

Publisert 07.06.2006 kl 22:01 Oppdatert 07.06.2006 kl 16:46

Tips ein venn på e-post:

...
MÅLRIKT: 6. divisjonslaga Veitastrond og Aurland/Lærdal 2 spelte 6-6 den 06.06.2006.

– Resultatet var absolutt ikkje planlagt. Me hadde planar om å vinna kampen, seier kaptein på Veitastrond, Even Kvam.

Seks sekstal

Kombinasjonen av dei tre 6-tala i datoen førekjem berre ein gong kvart 100. år. 666 refererer til det såkalla dyret sitt tal i Johannes openbaring. Der vert ikkje talet sett i samband med noko dato, men ein person eller tittel som representerer Antikrist. Dette har blitt tolka på ulike måtar gjennom historia, og talet er blitt brukt som symbol på det vonde. Det har vore fleire medieoppslag på at kyrkja frykta at satanistar eller andre kunne tenna på kyrkjer og øydeleggja kyrkjegardar denne dagen.

Men på fotballbana under breen på Veitastrond var det berre fotball som stod i hovudet på kamphanane. Og slik gir resultat.

På Leikvoll stadion fekk dei til ein kombinasjon av seks sekstal tysdag kveld. 6. divisjonskampen enda 6-6 den 06.06.06.

Veitastrond-trenar Leiv Inge Fimreite har sett mange fotballkampar i sitt liv. Kampen på tysdag vil han aldri gløyma.

– Det er den merkelegaste fotballkampen eg har sett. Det meste gjekk inn. Til og med vart det mål direkte frå avspark, smiler den røynde trenaren, som også understrekar at resultatet ikkje var planlagt før kampstart.

– Det slo ikkje meg før lenge etter kampen at det var spesielt med eit slikt resultat på denne datoen, seier Fimreite.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.