Mats Solheim blir Sogndal-spelar

SOGNDAL: Stryn sitt stortalent, Mats Solheim, blir Sogndal-spelar. Det stadfestar Anders Giske.

Publisert 14.03.2006 kl 00:00 Oppdatert 13.03.2006 kl 17:07

Tips ein venn på e-post:

...
TIL SIL: Mats Solheim (t.h) går frå Stryn til Sogndal

Det 18 år gamle spisstalentet Mats Solheim blir Sogndal-spelar. Stryningen, som i fjor vart suveren toppscorar med heile 34 mål i sin første sesong i 3. divisjon, kan ikle seg Sogndal-drakt tidlegast til sommaren. No er Sogndal i kontakt med Stryn for korleis detaljane rundt overgangen skal løysast.

– Me har ikkje gjort noko konkret avtale enno, men slik me ser det blir han Sogndal-spelar, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Anders Giske. Han ser ingen skjær i sjøen for at overgangen skulle falla gjennom. No er partane i dialog om når tidspunktet for overgangen skal finna stad.

– Me er inne i ein prosess med Stryn om kva kamparena han skal spela på. Denne er ikkje avslutta enno, seier Giske. Økonomien i avtalen er ikkje noko stridspunkt.

– Me har ein mal der me tilbyr Stryn det me har tilbydd andre klubbar ved liknande overgangar. Me betaler meir enn me hadde trengt, seier Giske.

Med Mats Solheim er den første spelaren av den nye generasjonen til Rolf Navarsete på plass i Sogndal. Dei heitaste spelarane i same kategori er, Sindre Kjos Wenjum (Sogndal Fotball), Oddbjørn Skartun (Sogndal Fotball), Erlend Nygaard Kvalheim (Tornado Måløy FK), Nicolai Øveraas (Førde IL), Gisle Isene (Førde IL), Stig Hårklau (Førde IL), Preben Strypet (Kaupanger IL), Peter Orry Larsen (Skavøypoll IL), Ulrik Flo (Stryn TIF), Even Hovland (IL Høyang) og Allan Jørgensen (Årdal FK).


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.