BESTE TURLØYPA I LANDET? Turstien frå Ortnevik i Høyanger kommune til Sylvarnes/Vollaviki i Vik kommune er mellom dei nominerte. Fotoet er frå ein tur i regi av Sogndal Turlag (Arkivfoto: Liv Norunn Hamre)

Ligg finaste turruta i Sogn?

Fem turskiltløyper i Sogn og Fjordane er nominerte til Noregs beste turløype.

Publisert 15.08.2018 kl. 18.00.

No kan alle vera med og røysta fram vinnaren, melder Sogn og Fjordane fylkeskommune på sine nettsider. 


Fylkeskommunen skriv at heilt sidan 2010 har Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gjensidigestiftelsen samarbeidd om å merka stiar. Dette var eit vestlandsprosjekt, men som vaks til å gjelda heile landet. 


Til saman er nær 1.100 turruter merka, med ei samla lengd på 40.000 kilometer. 


- Det er gjort ein kjempeinnsats, og me takkar alle som har bidrege til denne suksessen, skriv fylkeskommunen. 


Fem kandidatar

No blir det kåring av Noregs beste turrute og ein fylkesvinnar. Fylkets beste turrute får ein premie på 25.000 kroner til å skapa endå meir aktivitet i løypa. Alle fylkesvinnarane går vidare til landsfinale og kåringa av Noregs beste turrute skjer på stikonferansen i Bergen i mars 2019. 


Alle som har delteke i turskilprosjektet har fått høve til å nominera løyper til kåringa og her i fylket er desse nominerte: 



  • Midtre Nordfjord Turlag: Trivselsskogen

  • Lærdal Turlag: Ofta - Torsstein

  • Skålastilaget: Skålatårnet

  • Strendene Grunneigarlag: Turstien frå Ortnevik-Sylvarnes/Vollaviki

  • Flora Turlag: Sentrumsnære turstiar i Flora kommune


Avstemminga skjer på www.turrute.no og ein kan stemma fram til 31. august. 


Det skal utnemnast ein fagjury som skal vurdera dei fem nominerte. Avstemmingsresultatet og fagjuryen si vurdering skal vegast likt ved den endelege avgjerda, skriv fylkeskommunen. 


 


Siste saker Gå til framsida