| Publisert 05.12.2007 kl 23:01 Oppdatert 07.12.2007 kl 15:01 |
Det burde vera heilt unødvendig i eit samfunn som vårt, men det er diverre lite som tyder på at det vil bli det i overskodeleg framtid. Me tenkjer på "krigen" for nynorsken, sjølvsagt. Målsaka må haldast i hevd og då er det kjekt å registrera at ungdom i Årdal går på barrikadane. Sist veke kunne Sogn Avis fortelja at det var skipa ein eigen målgerilja i kommunen, som skal slå minst eit slag for nynorsken og ikkje minst den soleklare retten alle har til å få lærebøker på sitt eige språk.
Målgeriljaen i Årdal manar til krig mot nynorskhatarane og har planar om å boikotta undervisninga på grunn av mangel på lærebøker. Me har desidert størst sans for det siste elementet i den språklege krigføringa. At elevar på vidaregåande skule skal venta i månad etter månad på lærebøker på sitt eige målføre er sjølvsagt den reinaste skandalen.
Det er ikkje spesielt rart at det går den vegen høna sparkar med utdanningsnivået i dette landet, når dei ansvarlege styresmaktene ikkje ein gong maktar å syta for at det blir produsert lærebøker til skulestart kvar haust. Er det noko som det burde vera rimeleg enkelt å halda styr på, så er det skulestart og elevtal og kor mange lærebøker som til ei kvar tid må vera klare. Det er ubegripeleg at dette er eit problem samstundes som ein skryt av Kunnskapsløftet.
Me er monaleg meir usikre på kor lurt det er å gå til krig mot dei som hatar nynorsk. Folk som hatar nynorsk er ignorante, intolerante og ikkje til å kasta vekk mykje tid på. Med andre ord, dei er heller verdt å kriga mot. Det må vera mykje meir meiningsfullt å ha fokus på dei som enten elskar eller er potensielle elskarar av det vakraste målføret. Det betyr sjølvsagt ikkje at ignorante nynorskhatarar skal forbigåast i stille, dei må takast skikkeleg ved kvart høve, men det er likevel ein krig me vil slita med å vinna. Noko som har mest med kjøtvekt å gjera.
Det må vera mykje viktigare å syta for at alle dei som burde nytta nynorsk, faktisk gjer det. Då må det vera eit sterkt og kontinuerleg fokus på saka. Det er faktisk ikkje lenger verken heilt naturleg eller opp i dagen at ungdommar som veks opp i Sogn vel nynorsk. Vår elektroniske tidsalder og verdsveven utfordrar den språklege lojaliteten og me må ikkje ta det for gitt at alle våre eigne vel nynorsk.
Slik er det også viktig at det blir skipa lokale målgeriljalag som i Årdal. Noregs Målungdom vedgår utan vidare at det burde ha vore langt fleire målungdomslag i eit stort nynorskfylke som vårt. På sikt er det truleg mest fornuftig av dei målmedvitne ungdomane i Årdal å motivera jamaldringar i andre kommunar til å følgja etter og skipa sine eigne lokallag i staden for å bruka krefter på dei som hatar nynorsken.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Kalenderen fra Sognatreff | ||
Bilete frå Sognatreff | ||
Send jonsokbilete til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982.
Les meir
Nye kommentarar