Fres i Fresvik

Publisert 27.07.2007 kl 22:01 Oppdatert 30.07.2007 kl 12:59

Tips ein venn på e-post:


Sognesommaren let ikkje ei einaste bygd stå uverksam. Denne helga står Fresvik for tur. Fylkets snøggast veksande rockefestival er klar for tredje året. Den vesle tettstaden på sørsida av fjorden kan venta eit innrykk tilsvarande folketalet multiplisert med to, i alle fall nesten.

Med andre ord: Det ligg til rette for skikkeleg Fres i Fresvik i kveld.

Det er verdt å leggja merke til at Fresvik har blitt fjordens store arena for bandmønstring. Kloss i sentrum, berre nokre få hundre meter opp frå kaien, skal 23 band i aksjon denne helga. Dei fleste har tilknyting til Sogn. Samla er dei uttrykk for eit blømande musikkliv i sognebygdene.

Og no har dei fått arenaen sin, velvilligst tilrettelagt frå eigaren av Skau-garden. Scena blir reist på gardstunet, teltleiren blir rydda i sirkelen utanfor og bilane får seg tilvist p-plass kloss i festivalområdet. Det er 3-400 meter ned til Coop Nærkjøp, i den butikken bør dei ha budd seg på omsetjingsfest.

Fresn involverer heile Fresvik. Og slik må det vera, om ein vil eller ei. Dei som er lunkne kan like godt dra til fjells. Her blir det lyd og opprømt stemning. Men bygdas eigne er vel budde, Goggen, Per på Sagi og han Reidar, dei set pris på det årlege ungdomsinnrykket, som set farge på bygda og gjer Fresvik tilgjengeleg.

Fresn er også herleg ukommersiell. Det er vel den einaste rockefestivalen artistane er pålagde å betala for å vera med på. Utøvarane legg att ein 100-lapp, til liks med publikum. Det er såleis inngangspengar for både å spela og å høyra på. Fresn er nemleg ein 100 prosent sponsefri festival.

Artistprofilen er garantert unik. For genuint rockeinteresserte må det vera attraktivt å få eit repertoar du ikkje deler med Florø, Bremanger, Sandane og Øvre. Her stiller band du må vera på innsida for å kjenna namnet på. Store artistar kan berre sjå langt etter eksponering i Fresvik. Dei ramlar rett og slett utanfor festivalkonseptet.

Bandmønstringa i Fresvik er på god veg til å bli Sogns største utandørs rockefestival. Inntil vidare er Fresn ein dugnad, større i år enn i fjor, men kor lenge? Så heng på, festivalar er best når dei er unge av år. Di meir etablerte, di meir kommersielle, slik er den innebygde logikken i alle festivalar.

Mest lese no

...

Gunn Marit til topps

Nyhende Vann MGP lokal i Florø i kveld. Les meir

...

Køyrde utan lys

Nyhende Frå Hemsedal til Lærdal. Les meir

...

Sogndal signerte spiss

Sport Den tidlegare Sandefjord-spissen Malick Mane (23) er klar for Sogndal. Les meir

...

Pass opp for desse

Nyhende Fleire hjortar påkøyrde i går kveld og i natt. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.