Hjarta har ein framståande plass i logoen til det nyskipa selskapet Lustramat. Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig. For når lustringane, som dei første i dette fylket, samlar ulike produsentar av lokal mat i eitt lag, så handlar det mykje om kjærleik til og tru på det lokale. Og det handlar om identitet og tradisjon. Lustramat er rett og slett eit spennande prosjekt.
Det nye selskapet skal produsera mat av høg kvalitet basert på lokale råvarer. Slik har fleire butikkar i Luster kommune fått inn nye varer som heimelaga flatbrød og lefser, syltetøy, honning, eplemost, kvit og brun geitost og minst mylse og potetkaker. Og det kanskje mest gledelege er at dei lokale matvarene går unna. I butikkane må torget med desse varene stadig etterfyllast.
For produsentane er det sjølvsagt heilt avgjerande at dei lokale butikkane stiller opp som dei gjer og profilerer den lokalproduserte maten. Førebels har dei tok lokale Sparbutikkane oppretta eigne torg for Lustramaten, noko som sjølvsagt ikkje har slått dårleg ut for omsetnaden. Men det kanskje viktigaste elementet i samarbeidet med dei lokale butikkane er at produsentane har ein stad å levera produkta sine gjennom heile året. Dette gjer det mogeleg å driva denne småskalaproduksjonen på heilårsbasis.
No har ikkje lustringane soge alt dette av eige bryst. Men det er absolutt ingen grunn til å skamma seg over å ha blitt inspirert av det som skjer på Voss. Ingen som har sett på TV dei siste vekene kan ha unngått dei artige reklameinnslaga for og om lokalprodusert mat frå Voss. Sei innovative vossingane har over tid bygd opp eit image og ein profil på lokalprodusert mat med identitet, det vera seg smalahove eller fårepølse. At all reklame går føre seg på dialekt er fantastisk flott og det beste av alt er at det openbart verkar.
Det er 11 produsentar som førebels er komne inn under paraplyen Lustramat BA, fleire vil det heilt sikkert bli med den positive starten som prosjektet har fått. Slikt blir det arbeidsplassar av. Men meir enn noko viser dette at ein med kreativitet og tru på eigne produkt, eigne tradisjonar og kunnskapar kan produsera varer som me vil betala meir for. Det skulle forresten mangla. Lokal kvalitet skal kosta.