TURNE: Sogn og Fjordane Teater startar 2. februar på ein 17 dagars turne i fylket med den svarte komedien «Fysikarane». (Foto: Espen Nyttingnes)

Legg ut på vegen med svart komedie

Leikanger: Tidleg neste månad kastar Sogn og Fjordane Teater loss med den svarte komedien «Fysikarane».

Publisert 25.01.2018 kl. 17.30.

Sytten scener rundt om i heile fylket får besøk av den nye oppsetjinga, skriven av Friedrich Dürrenmatt i 1962, under den kalde krigen.

«Tre fysikarar er innestengde på lukka avdeling. Den eine trur han er Einstein, den andre trur han er Newton og den tredje er overtydd om at Kong Salomon openberrar seg for han. Men galskapen er berre eit skalkeskjul. Den eine fysikaren vil verne verda mot si eiga oppfinning og let som om han er djupt forstyrra. Dei to andre er spionar på oppdrag for verdsmaktene. Dei òg må lata som om dei er utilreknelege for å få eigarskap til ei oppfinning som vil gje uendeleg makt og verdsherredøme», skriv teateret i ei pressemelding.


- Skremmande

Det er Sogn og Fjordane Teater sin eigen teatersjef Bodil Kvamme som har regien på denne framsyninga. Kvamme hadde ikkje trudd at Dürrenmatt sin tekst skulle vere så uhyggeleg aktuell som den faktisk er.

- Dürrenmatt sa følgjande: «Livets alvor i ei verd utan håp, kan berre skildrast i komediar». Eg vil ikkje gå med på at det er heilt utan håp for oss, men det er skremmande med to statsleiarar som diskuterer kven som har den største knappen og kven som fungerer best, seier Kvamme.


Tekniske utfordringar

Publikum blir utstyrt med øyreklokker som dei skal ha på under heile framsyninga. Det gjer dette stykket til ei heilt annleis teateroppleving.

- Det har vore ei spennande prøvetid med store tekniske utfordringar. Publikum får oppleva eit visuelt radioteater der alle lydane er laga av skodespelarane på scena og lydteknikaren Robert Tomkiewicz. Synkronisering av lydbilete og dialog har vore eit krevjande puslespel å få på plass, seier Kvamme.

«Fysikarane» har premiere 2. februar i Førdehuset, og spelar til og med 17. februar. I Sogn blir oppsetjinga spelt tre stader. Vik (14. februar), Leikanger (15. februar) og Sogndal (16. februar).


Les meir om: Kultur