SLUTT: Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Balestrand vert lagt ned.

Legg ned ni kontor

Sparebanken Sogn og Fjordane takkar for seg i fleire bygder.

Publisert 29.11.2016 kl. 21.39.

Kontora i Askvoll, Leirvik, Hornindal, Sande, Naustdal, Skei, Balestrand, Leikanger og Svelgen vert lagt ned i løpet av første halvår 2017.


13 att

Kontora i Førde, Florø, Dale, Hauge i Bremanger, Måløy, Nordfjordeid, Sandane, Stryn, Hardbakke, Eivindvik, Høyanger, Sogndal, Årdal og Bergen vert vidareført.


- Sparebanken Sogn og Fjordane vil med 13 kontor framleis vere den banken med flest kontor og flest tilsette i fylket. Banken er i tillegg til stades med 23 Bank i Butikk, heiter det i ei pressemelding.


Lite bruk

Bakgrunnen for nedlegginga er store endringar i korleis kundane brukar banken. - Digitale løysingar gjer at kundane i mykje mindre grad enn tidlegare nyttar seg av dei fysiske bankkontora. Dette skjer over heile landet, og treff heile finansnæringa. Banken prøver kontinuerleg å tilpasse seg desse endringane

Banken har over tid gjort endringar, og fleire av kontora som vert lagt ned har hatt redusert tenestetilbod og opningstid dei siste åra, heiter det i meldinga frå banken.


Ingen oppseiingar

- Ingen av dei tilsette på kontora som vert lagt ned misser jobben. 23 tilsette vert påverka av endringa. Dei vil halde fram i stillingane sine frå eitt av dei andre kontora, og kundane vil kunne ha den same kontaktpersonen som før. Tillitsvalde og lokale leiarar har vore involvert gjennom heile prosessen, melder banken.


Siste saker Gå til framsida