Lastebil køyrde inn i personbil

Publisert 05.03.2018 kl. 14.18.

Det har vore ei trafikkulukke på riksveg 52 ved Breistølen på Hemsedalsfjellet.


Ein personbil og ein lastebil er involvert i ulukka, opplyser AMK, som fekk melding om ulukka klokka 13.49 måndag.


Ifølgje politiet har lastebilen køyrt inn i personbilen.


Politiet opplyser at ein person er meld skadd, men at det ikkje skal vera alvorlig.


Klokka 14.33 opplyser politiet at naudetatane er på staden, og at personen som er skadd, er under behandling av helsepersonell på staden.


Politiet melder at det er noko trafikale problem og manuell dirigering av trafikken på staden.


Les meir om: Nyhende Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida