Køyring utan bombrikke kosta 8.000 kroner

Publisert 05.12.2017 kl. 06.00.

Vegvesenets kontrollørar hadde kontroll av tunge køyrertøy på Håbakken frå klokka 20.00 måndag fram til klokka 03.00 natt til tysdag. For eit av køyretøya som var innom kontrollen, og som ikkje var utstyrt med bombrikke, enda dette med 8.000 kroner i gebyr.


For ein sjåfør som ikkje brukte påbode verneutstyr, vart resultatet eit gebyr på 1.500 kroner.


I løpet av dei sju timane kontrollen stod på, var til saman 129 tunge køyretøy inne på kontrollplassen. 14 av desse vart kontrollerte. Det var skrive ut mangellapp på seks køyretøy, to fekk bruksforbod, og eitt køyretøy vart meldt til politiet.