BRUKSFORBOD: Eit vogntog fekk bruksforbod for lang last under ein kontroll på Håbakken. (Illustrasjonsfoto)

Køyrde med for lang last

Eit køyretøy fekk bruksforbod fordi det hadde for lang last under ein kontroll på Håbakken måndag kveld og natt til tysdag.

Publisert 11.09.2018 kl. 06.14.

Lasta var lenger enn 12 meter frå kingpin (festet til trekkvogna).

Ein lastebil fekk også bruksforbod fordi underkøyringshinderet ikkje var tilpassa bakerste punktet på lastebilen.

116 køyretøy var innom kontrollplassen, ni av desse vart kontrollerte nærare.

Ein sjåfør fekk gebyr fordi han ikkje hadde med seg vognkortet. Yttrlegare ein vart rapportert for skriftelege manglar på køyretøyet.

Kontrollen vara frå klokka 18:00 måndag kveld  til 03:00 natt til tysdag.


Siste saker Gå til framsida