Kva feiler det denne hjorten?

Denne hjorten vart observert ved Revsnes ferjekai i Lærdal tysdag føremiddag. Hjorten var tydeleg medteken, fråde frå munnen og han hang med hovudet.

Publisert 14.11.2017 kl. 14.27. Oppdatert kl. 15.32.

- Det var spesielt nokre ting eg reagerte på. Han hadde ikkje teikn til ytre skadar på kroppen, men derimot hang han med hovudet, var stiv i bakpartiet og hadde fråde rundt munnen, seier Jonatan Nesset, som fanga hjorten på film.


Han fortel at han gjekk på tur ved Revsnes ferjekai på føremiddagen tysdag då han oppdaga hjorten.


- Han gjorde ingen teikn til meg då eg passerte han. Han berre hang med hovudet og sukka. Hjorten var svært medteken.


Nesset strekar under at han ikkje er godt kjend med hjortar, men etter å ha posta videoen på Snapchat, ringde fleire av kameratane hans som hadde sett filmen. 


- Eg varsla lensmannskontoret i Lærdal med ein gong og vart sett i kontakt med nokon frå ettersøksringen, så dei har fått beskjed. Dei skulle reisa ut for å ta prøvar av han, seier Nesset.


- Bør avlivast

Nils Martin Fjær frå Mattilsynet har sett videoen av hjorten, men kunne ikkje stilla diagnose ut frå filmen.


- Det ser ut som at han har eit problem med ryggen sin. Han går veldig sakte. Det ser ut som at han har smerter, men det er håplaust å seia over telefon på kva som feiler han. Det kan vera alt mogleg, så det hadde vore fint viss ettersøkslaget hadde fått avliva hjorten og teke prøvar av han, seier Fjær og held fram:


- Me ønskjer å ta prøvar for å sjå bort frå at det kan vera skrantesjuka hjå dyr som oppfører seg unormalt. 


- Kan det vera skrantesjuka, sidan han hadde fråde rundt munnen og måten han elles såg ut?


- Det er mange tilstandar som gjev same symptom. Denne hjorten kan ha smerter, han kan ha problem med fordøyinga og det er ikkje sikkert han klarar å svelgja. Det er vanskeleg å seia. men det ser jo ut som han har smerter. Så reint dyrevelferdsmessig bør denne hjorten avlivast, og så må ein få tatt prøvar.


- Me har folk frå ettersøksringen som er på veg ut for å leita etter hjorten, seier vilforfaltar Knut Fredrik Øi, og legg til at det vil bli tatt prøvar av hjorten når dei har fått avliva han.


SISTE: Tysdag ettermiddag opplyser Nils Martin Fjær at ettersøksringen har avliva hjorten. Det er blitt teke prøver, og det er venta svar på desse innan utgangen av veka.


Les meir om: Nyhende Lærdal Dyr

Siste saker Gå til framsida