Retningslinjer annonsering

  • Sogn Avis følgjer retningslinjene som er fastlagde i Mediebedriftenes Landsforenings (MBL) sine reglar om annonsepraksis.
  • Avisa følger MBLs tekniske reglar for annonsemateriell til dagspressa.
  • Annonsar som er av redaksjonell karakter og form, må vere merka med “Annonse” på eiga linje øvst til venstre.
  • Sogn Avis atterheld seg rett til, om nødvendig, å forskyve innrykk av ein annonse, føresett at teksten i denne ikkje tidsbestemmer innrykk.
  • Avisa har ikkje ansvar for feil i materiell motteke frå annonsør eller annonseformidlar. Ved kundekorrektur er de sjølve ansvarlege for å oppdage feil.
  • Blir ein oppsett annonse ikkje innrykka i løpet av 30 dager, blir annonsa makulert, og kostnadane for satsarbeidet skal betalast av ordregjevaren.
  • Feil i andre aviser som følge av materiellevering er avisa ikkje ansvarleg for.
  • Annonsar i oppslag og uregelmessige forma annonsar må avtalast spesielt.
  • Avisene våre tek atterhald om at vi kan komme til å avslå å ta inn annonsar som på grunn av innhald eller utforming strir mot avisa si etiske norm og regelverk (f.eks annonsar for pornografi og rasisme).
  • Annonsar blir alltid sett med rettskrivinga som avisa til ei kvar tid brukar, med mindre ann er avtalt med annonsøren.
  • Reklamasjonar på annonsa må framstillast omgåande og seinast innan 14 dagar etter innrykk.
  • Når det er mogleg, bør feil påpeikast straks, slik at feilen kan rettast ved heilt eller delvis nytt innrykk. Avisa sitt ansvar ved feil avgrensar seg til maksimum prisen av annonsa. Reklamasjon på faktura må framstillast 8 dagar etter at den er motteken.
  • Avisene våre oppbevarer alt ferdig levert annonsemateriell etter innrykk i ein månad. Avisa utleverer ikkje nytta annonsemateriell såframt det ikkje er gjort spesiell avtale om dette.
  • Annonsar som er utforma av avisene våre, er avisa sin eigedom. Dersom du ønskjer å bruke annonsen i en annan sammenheng, må du innhente godkjenning frå avisa. For slike annonseavtrykk vil annonsøren bli fakturert i samsvar med prislista til dagspressen.
  • På fakturaene våre vil forfallsdato alltid komme fram. Betaling skal vere avisene våre i hende innan denne datoen. Ved forsinka betaling krevjer vi inn forseinkingsrente i samsvar med “Lov om renter ved forsinket betaling” av 17.12.1976. Forfall er 14 dagar frå fakturadato. Etter forfall blir det rekna forseinkingsrente, 12 % i året. Beskjed om deling av annonsefaktura må gjevast ved bestilling. Vi har frå 1. september 2011 innført et fakturagebyr på kr 40,- + mva, og et purregebyr kr 50,-.
  • Det er ikkje reklamasjonsrett ved for seint levert materiell.
  • Eventuell avbestilling av annonsar må skje før utløpet av innleveringsfristen, elles blir det rekna 40 % av annonseprisen. For annonsar som er bestilte på spesialsider og fargeannonsar på tekstside, må avbestilling skje innan 10 dagar før innrykksdag. Annonsar av denne typen som blir avbestilt etter denne tida, blir fakturert med 40 % av annonsesummen.
  • Annonsefrist er innan kl 12.00 to virkedager før innrykk.