...
Barnehagen og småskulen har kulturtime i lag på Feios oppvekstsenter, som inneheld barnehage, 1.-10. skule, SFO og folkebibliotek.

Oppvekstsenter – bra for alle?

Publisert 03.10.2011 kl 11:16 Oppdatert 03.10.2011 kl 11:16

Tips ein venn på e-post:


...
Kristoffer Melheim, førstelektor i pedagogikk

Skulenedlegging pregar kvardagen i mange kommunar. Kan oppvekstsenter vere alternativet?

«181 skular er nedlagde dei siste fire åra». Slik lydde eitt av oppslaga i innleiinga av valkampen i år. Det er lenge sidan barnehage og skule var ein sjølvsagd ting i nærmiljøet. Men treng utviklinga nødvendigvis gå denne vegen? Finst det ikkje noko alternativ? Eg meiner ja. Det finst alternativ.

Alternativet heiter oppvekstsenter. Det er ein anna måte å organisere barnehage og skule på; ein måte som gjer at tilbodet ikkje blir borte, men i staden oppstår på nytt der innbyggjarane ønskjer det. Denne ordninga er utvikla i meir enn 100 kommunar. Dei ti siste åra har eg delteke i utviklingsarbeid i oppvekstsenter i fleire kommunar, og sett at slike sentra gir barn og unge eit kvalitativt godt tilbod.

Eit oppvekstsenter er eit heilskapstilbod til born frå dei er eitt til dei er 13 (16) år. Oppvekstsenteret kan ha frå nokre få til svært mange funksjonar. Som minimum må oppvekstsenteret omfatte barnehage og grunnskule. Til vanleg er dei under same tak og same leiing. Skulefritidsordning inngår som regel i oppvekstsenteret. Di fleire funksjonar oppvekstsenteret omfattar, t.d. folkebibliotek, kulturskule m.m., di betre vil det vere både for borna og bygda.

Utgangspunktet for oppvekstsenter har ofte vore å samla små einingar for at dei skal styrkja kvarandre. Dette vart diskutert i høyringsutkastet til ny barnehagelov, der dei nærast set som vilkår at oppvekstsenter «berre gjeld mindre einingar». Praksis frå mange kommunar er likevel at det er oppvekstsenter med mange born. Variasjonen er stor. Torvmyrane i Flora har 220 born frå 1–13 år. Fjordtun i Balestrand har 16 born i same aldersspennet. Flora kommune etablerte to oppvekstsenter alt i 1991, og var då mellom dei første i landet. Rambøll Management fann i 2007 at det var oppvekstsenter i 132 av 431 kommunar. Mange kommunar har fleire oppvekstsenter. I Sogn og Fjordane er det oppvekstsenter i 12 av 26 kommunar. I alt er det 37 oppvekstsenter i fylket vårt.

Kommunane kan ha ulike motiv og utgangspunkt for å opprette oppvekstsenter med felles leiing av barnehage og skule. Eitt kan vere at skulen og lokalsamfunnet skal få fleire bein å stå på. Det kan vere einaste måten å få til barnehagetilbod og skulefritidsordning i nærmiljøet. Det er lite effektivt å ha to leiarar som driv med budsjett, rekneskap m.m. når barnehage og skule er under same tak eller ligg i same tun. Lærarar og assistentar i oppvekstsenteret kan arbeide både i barnehage og skule. Det kan såleis bli fleire heile stillingar og meir fleksibel bruk av det pedagogiske personale. Økonomisk ligg den største gevinsten i at barnehagen og skulen kan nytte felles utstyr, uteområde m.m..

Sjølv om utgangspunktet for oppvekstsenteret er ein mogleg effektiviseringsgevinst både økonomisk, organisatorisk og menneskeleg, opnar det også for ei drøfting av det pedagogiske innhaldet. Særleg ligg det til rette for det dersom assistentar, førskulelærarar og lærarar er tilsette i oppvekstsenteret og ikkje i kvar sin institusjon. Då er det mogleg å få til eit heilskapleg pedagogisk tilbod til alle borna i bygda frå dei kjem inn i barnehagen til dei går ut av grunnskulen. Det er ein måte å organisere opplæringa på som kan ivareta mange av intensjonane i statlege dokument som alle poengterer kor viktig det er med tidleg innsats for livslang læring.

Omlegginga til oppvekstsenter har ikkje alltid gått smertefritt. Førskulelærarane og lærarane har ulike arbeidsavtalar. Det er ulike kulturar i barnehage og skule og endringar i haldningar i personalgruppa tek tid. Førskulelærarane er også redde for at dei misser dei mest attraktive jobbane – dei administrative. Organiseringa varierer med storleiken. Store oppvekstsenter kan ha éin rektor og to assisterande rektorar: ein for skulen og ein for barnehagen. Små oppvekstsenter har ein rektor for oppvekstsenteret og skulen og ein pedagogisk leiar for barnehagen. Barnehagen og skulen er drivne etter kvar sine lover, forskrifter og planar, men i oppvekstsenter kan dei likevel ha mange aktivitetar i lag. I eit utviklingsarbeid eg leia i Vik og Balestrand, vart det utarbeidd gjennomgåande planar i norsk, matematikk, vurdering og heim-skule-samarbeid for heile oppvekstsenteret.

Forskarar frå Nordlandsforsking har studert oppvekstsenter. Konklusjonane deira er eintydige: dette er ein positiv modell for dei små bygdene. Det viktigaste argumentet er at den større eininga, med samanslegne barnehage, skule og SFO, tilfører dei små miljøa ein fleksibilitet dei tidlegare ikkje hadde. Fleksibiliteten er knytt både til disponering av pengar, og bruk av materiell, utstyr og personale i det pedagogiske tilbodet. Denne gevinsten blir mindre når oppvekstsenteret blir stort. Ein står likevel att med den pedagogiske fordelen det er for borna med samanheng og kontinuitet i opplæringa, og at føresette får éin institusjon å forholda seg til i staden for to.

Stortingsmelding nr. 25 (2008–2009): Lokal vekstkraft og framtidstru stør seg på den største flyttemotivundersøkinga i landet vårt på 36 år. Meldinga peikar på to område som er særs viktige for barnefamiliar. Arbeid er for dei fleste ein avgjerande faktor. Men den viktigaste tenesta småbarnsfamiliar la vekt på ved val av kvar dei skal busetja seg, var tilgang og kvalitet på barnehagetilbod, grunnskule og SFO. Dette har bl.a. Bremanger kommune sett. Her har ein fem oppvekstsenter, og ein «rein» skule og «ein» rein barnehage. Kommunen ser på denne desentraliserte strategien som ein konkurransefordel

181 skular er nedlagde siste fire åra. Det går føre seg debattar om nedlegging av små skular i mest alle kommunar. Alternativet med oppvekstsenter kan vere noko kommunane bør vurdere når skulestruktur igjen er oppe til diskusjon.

På framsida no


...

I rute med ny skiheis

Skisenteret i Sogndal opnar heis nummer tre denne vinteren.

...

Fair play-pris til Flo

Sogndal-spiss Ulrik Flo fekk årets Fair play-pris i eliteserien.