I perioden 1990-2000 brukte norske kommunar årleg om lag 40 millionar kroner på bygdebokarbeid.
Underteikna kjem inn i denne statistikken gjennom arbeidet med bygdebokprosjekt i to ulike kommunar i Sogn og Fjordane. I Gaular resulterte eit 12 års langt engasjement i seks bygdebøker. I Sogndal kjem det i desse dagar ut tre bøker med gards- og slektssoge for Stedje sokn, etter at underteikna og Berit Selseng har arbeidd med dette sidan 2000. Medan Sogndal kommune var sterkt inne i biletet for å finansiera ei allmennsoge som kom ut i 1986, har Sogndal sogelag finansiert den nye utgjevinga med mindre tilskot frå kommunen.
Uansett finansieringskjelder melder gjerne spørsmålet seg om det er rett å bruka så pass store midlar til lokalhistorie. Tanken med slik litteratur er å skapa ein lokal identitet i ei tid då det tradisjonelle bygdesamfunnet er i ferd med å verta brote opp. Spørsmålet kan sjåast frå ulike ståstader ut frå kva slags bøker som her vert gjeve ut. Den eine er ei allmennsoge som har vinklinga på kommune og sokn. Her tek ein føre seg folketalsutvikling, næringar, sosiale grupper og kommunalt sjølvstyre opp gjennom åra.
For den andre typen, gards- og ættesoga, er synsvinkelen ein annan. Her er det garden og folka som har budd der, som er utgangspunktet for framstillinga. Det er denne typen bøker som fengjer mest. Gaular kommune har fått utgjeve begge dei to kategoriane, medan Sogndal berre har fått utgjeve første del av allmennsoga og gards- og ættesoge berre for eitt av sokna.
På lokalsamfunnet sine premissar. Då dei første bygdebøkene vart skrivne i Noreg tidleg på 1900-talet, var innhaldet i dei svært ulikt frå det vi kjenner i dag. Forutan næring, sosiale grupper og kommunalt sjølvstyre, var mykje av blikket retta mot store menn i bygda, som ordførarar og prestar. Kvinner, fattigfolk, plassfolk og born utanom ekteskap høyrde ikkje med.
Dagens lokalhistorie har ei anna tilnærming. No skal alle grupper vere med. For å sitera professor Ståle Dyrvik: ”Det som har interesse, er korleis dei mange, den store hop av vanlege menneske møter utfordringa. Husmannen er like viktig som storbonden, kvinna like mykje som mannen.” I dette ligg at det vert teke opp emne som skal vere interessante for store grupper i lokalsamfunnet. Dette gjeld både innhaldet i allmennsogene og i gards- og ættesogene. Det er banda bakover til dei som har budd her før, som skal styrkast. Spørsmålet er om historikarane greier å formidla dette, og å gje styrke til denne identiteten.
Røter og tilhøyrsle. Alle samfunn har forteljingar og mytar om fortida. Desse fortel oss kvar vi historisk kjem frå og kven vi er. Dei skapar på den eine sida ei god og inkluderande ”vi-kjensle” for alle som er innafor. På den andre sida kan dette verka ekskluderande for alle som fell utanfor. I dagens samfunn er mange opptekne av tilhøyrsle og kvar ein har opphavet sitt. Det å setja seg inn i ein større samanheng kan gje eit fellesskap og ein identitet i høve til staden ein bur på. Inkludering i dette høvet vil seia at ein helst må vera fødd på staden, og for å bli rekna som ein del av fellesskapet, må ein helst visa til fleire generasjonars historie derifrå. Å vera innflyttar kan vera eit stigma Å vera innvandrar er endå verre.
Spørsmålet er då om bygdebøkene skaper ein felles identitet for dei som bur i bygda. Er det slik at bøkene om gardar og slekter har eit naturleg perspektiv for dei som lever i kommunen i dag? For ein kommune som Gaular der mesteparten av innbyggjarane bur spreidd og har røter i bygda, kan ei gards- og ættesoge vera viktig for ei slik identitetsskaping. Det meinte også politikarane i Gaular i 1995 då det var snakk om å avslutta sogeprosjektet etter den generelle soga. Eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for å halda fram med gards- og ættesoga trass i ei anna tilråding frå administrasjonen.
Ei gards- og ættesoge vil ikkje ha same funksjon for Sogndal. Det er heller ikkje sikkert at politikarane i Sogndal ville ha løyvd pengar til eit framhald av eit slikt prosjekt om det skulle dukka opp. Denne kommunen har i dag ein folkesetnad der ein stor del er innflyttarar og bur i byggjefelt. Innflyttarane har ikkje dei tradisjonelle banda til gard og slekt som dei opphavelege sogndølene har. Dei vil ikkje kjenna seg att i ei gards- og slektssoge. For desse vil ei brei allmennsoge vera av større interesse.
Eit kompromiss. Endringane som har skjedd i norske lokalsamfunn i etterkrigstida, inneber at mange av oss ikkje lenger høyrer til garden, men heller til bygda; mange stader også tettstaden og byen. Det gjer at ei allmennsoge som tek føre seg lokalsamfunnet heilt fram mot vår eiga tid, vil skapa større identitet og vera meir inkluderande enn dei tradisjonelle gards- og slektssogene.
Likevel ser vi at ein del nyare bygdebøker har fare lett over etterkrigshistoria. Her ligg det ei utfordring for bygdebokskrivarane. I ei allmennsoge som skal inkludera alle i eit lokalsamfunn, må ein forventa at innflyttarane også skal vera med som gruppe. For å inkludera desse i lokalsamfunnet, må dei sjåast på som ein ressurs som verka fornyande på eit bygdesamfunn i ekspansjon, ikkje som ei gruppe som isolerte seg og fann på ting på eiga hand som danseskule, rideklubb, slalåmbakke og kunstlag. Å visa samspelet mellom dei to gruppene vil vera viktig for å jamna ut skilnaden mellom ”oss” og ”dei andre”.
Men også den andre delen av bygdebøkene, gards- og slektssogene, har ei lys framtid . Uansett tilknyting til gard er slektsgransking noko som svært mange er opptekne av, også dei som bur i byar og tettstader.
Bygdebøkene liv laga? Det verkar som om etterspurnaden etter bygdebøker ikkje vil ta nokon ende. Noreg har ein uoffisiell verdsrekord i utgjeving av denne typen litteratur. I ei tid med sterk sentralisering og urbanisering tykkjest denne typen litteratur å vera liv laga. For mange vil dette vera eit paradoks i ei globalisert verd med flytande identitetar. Men det er vel akkurat i ein slik situasjon at vi nordmenn grip til det nære for å skaffa oss eit haldepunkt?