Skuleelevane i Sogn og Fjordane er mellom dei flinkaste i landet. Det viser dei årlege eksamensstatistikkane frå Utdanningsdirektoratet. Slik sett kan vi vere fornøgde både med ungdommane og skulane. Men vi har likevel ei stor utfordring: Når dei unge drar ut for å utdanne seg vidare, kjem dei berre unntaksvis tilbake for å bruke kompetansen sin i sitt eige fylke.
Kommunane i indre Sogn har tatt tak i denne utfordringa ved å gå saman om prosjektet ”Sats på skulen – snu Sogn”. Gjennom eit samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane vil kommunane saman med skuleforskarar og regionalforskarar arbeide for å utvikle skulane som lokale utviklingsaktørar. Men vil dagens unge og deira foreldre la seg engasjere i ei slik lokal satsing? Og er ikkje den statlege utdanningspolitikken for tida mest opptatt av den enkelte elev og faglege resultat?
Regional forsking viser at Sogn og Fjordane står overfor betydelege utfordringar i overgangen frå industrisamfunn til informasjonssamfunn. Nasjonalt og internasjonalt taper vareproduserande næringar terreng, medan tenesteproduksjon og informasjonstenester er i vekst. Sogn og Fjordane ligg til dels etter i denne utviklinga. Det er ei utfordring å skape entreprenørmiljø og nettverk som stimulerer til omstilling. Unge som utdannar seg til yrke med stort framtidspotensial, slår seg ned i andre delar av landet. Og dei som blir buande i fylket, kvalifiserer seg truleg i for stor grad til arbeid det ligg mindre framtidsutsikter i.
Sjølv om elevane i Sogn og Fjordane gjer det godt på eksamenar og testar, skårar ikkje norske elevar høgt i internasjonale samanlikningar. Dette har skapt nasjonal politisk vilje til å styrke den faglege satsinga i norsk skule gjennom det såkalla ”Kunnskapsløftet”. Her kan det ligge latente motsetnader som det er grunn til å vere vakne overfor. Auka kunnskapssatsing vil dei fleste av oss støtte. Men dersom skulen berre stimulerer individuelle mål i eit individuelt orientert samfunn, vil skuleverket fungere meir som ei hindring enn ei fremjing av regional omstilling og utvikling.
Sogn Regionråd og Høgskulen i Sogn og Fjordane legg no vesentlege ressursar i eit utviklingsprogram som skal stimulere både fagleg satsing og auka interesse for lokal og regional utvikling. Første steg er ei omfattande leiarutdanning der ”entreprenørskap” og ”skular som lærande organisasjonar” er sentrale tema. To andre satsingar rettar merksemda mot kommunen som skuleeigar og vidareutvikling av faglege nettverk for lærarar. Politikarar og kommunale leiarar er sjølvsagt klare over at det er mange andre og tunge politiske og økonomiske prosessar som styrer den regionale utviklinga. Men skulen utgjer over 30 % av den kommunale tenesteproduksjonen, noko som gjer det rimeleg å utfordre både skuleleiarar, lærarar, elevar og foreldre til aktiv innsats for den regionale utviklinga.
Sentrale tema i skuleleiarprogrammet er:
Skular som regionale og lokale utviklingsaktørar
Nye former for kommunal forvaltning og organisering
Skuleleiaren som både fagleg leiar, arbeidsgjevar og endringsleiar
60 skuleleiarar vil delta i utviklingsprogrammet som strekker seg over tre år. Lærarar, elevar og foreldre på meir enn 30 skular vil delta i ulike delprosjekt knytt til denne satsinga. Innhaldet i utviklingsprogrammet er i vesentleg grad meir vinkla mot regionalpolitikk og entreprenørskap enn tradisjonell skuleleiaropplæring. Høgskulen i Sogn og Fjordane blir gjennom dette sterkt utfordra på å knyte sitt forskingsarbeid til den praktiske kvardagen på kommune- og skulenivå. Og skuleleiarane blir utfordra til å ta utgangspunkt i forskingsresultat når dei planlegg læringsaktivitetane til elevane.
Forsking om skuleutvikling viser at endring i skular er avhengig av kollektive løft mellom lærarane, elevane og foreldra. Utvikling kan ikkje bestemmast gjennom vedtak og innføring av nye regelverk. Det avgjerande er eit aktivt kollegialt samspel: skulane må vere ”lærande organisasjonar”. Dette kan fort framstå som meiningstom retorikk. Men prosjektet ”Sats på skulen – snu Sogn” har ambisjonar om å skape reelt innhald i og resultat av skulane sitt utviklingsarbeid. På ingen måte ei enkel sak å ta fatt i, men landsdelen har ikkje råd til å la vere!!
Det er utfordrande når ei ny undersøking viser at ungdommar på Sunnmøre i sterkare grad er orienterte mot entreprenørskap enn ungdommar i Sogn. Jenter synest også i mindre grad å trekke mot entreprenørielle utdanningar og yrke enn gutar. Skulen kan ikkje åleine skape endringar i dette, men eit tett samarbeid mellom skule, arbeidsliv og lokalmiljø kan påverke haldningane og prioriteringane til elevane.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har dei siste 6-7 åra bygd opp ei omfattande skuleleiarutdanning på mastergradsnivå. Fagmiljøet her får ei stor utfordring når kommunane forventar at kvalitetsutvikling i skulen skal omfatte både styrking av elevane sine fagprestasjonar og skulane si evne til å vere regionale utviklingsaktørar. Resultat frå prosjektet ”Sats på skulen – snu Sogn” vil dei neste 3-4 åra kome ut både som kommunale rapportar, studentarbeid og faglege rapportar frå dei tilsette ved høgskulen. Når politikarane i Sogn ønskjer å sjå dette i samanheng med meir tradisjonelle diskusjonar om både kommunal forvaltning og næringspolitikk, kan det bli spanande å sjå om resultata i prosjektet legg grunnlag for nye nasjonale diskusjonar om både utdanningspolitikk og kommunal utvikling.
Både kommunane og høgskulen spenner bogen rimeleg høgt i dette samarbeidet. Det er mindre risikofylt å sysle med sitt kvar for seg. Kriteria for godt akademisk arbeid og godt praktisk arbeid harmonerer i utgangspunktet ikkje direkte med kvarandre. Og det er grunn til å spørje: Kan eit skuleprosjekt klare å snu ei utvikling som mange fylkesplanar berre i liten grad har lukkast å påverke? Skulane klarer dette neppe åleine, men politikarane og kommuneleiarane i Sogn viser at dei vil ha både elevar, foreldre og lærarar med i det regionale utviklingsarbeidet. Dette kan vise seg å bli ei god investering.