Utdanning og omdømet til Sogn og Fjordane

Av Roger Hestholm

Publisert 23.03.2007 kl 14:59 Oppdatert 23.03.2007 kl 14:59

Tips ein venn på e-post:

...
Roger Hestholm (f. 1967) er dr. polit. i sosiologi og førsteamanuensis ved Avdeling for samfunnsfag. Han arbeider for tida med eit større forskingsprosjekt om «Kunnskap og kultur i den øvre middelklassen i Noreg».

Folk som utdannar seg, flyttar vekk frå bygda. Det har seg i korte trekk slik: Ved å ta høgare utdanning skjer to ting med dei unge. For det første blir ungdomstida lenger. Ein opplever skifte av miljø, får nye venner, nye verdiar, og ein kan bruke meir tid på eigen identitetsutvikling. Utdanning blir ein sjanse til å utsetje viktige livsval, og mange unge opplever det som stilleståande og lite framtidsretta ikkje å ta utdanning. I dette får dei støtte frå politikarar, framtidige arbeidsgivarar, lærarar, stadig fleire foreldre og andre. Utdanning og ein eigenutviklingsprosess knytt til det urbane blir på ulike vis bunde saman i denne tida. Å reise heim att der ein kom frå etter utdanninga, blir dermed sett som eit personleg, ikkje berre geografisk tilbaketog. Generelt er det no flest jenter som vel høgare utdanning, og jenter frå bygda er slett ikkje noko unntak. Mange fleire jenter i Sogn og Fjordane enn gutar i Oslo tek høgare utdanning.

For det andre introduserer utdanninga dei unge for kunnskapsformer, innsikter og verdiar som i mindre grad er knytt til det tradisjonelle og lokalt forankra bygdelivet. Unntak her kan vere utdanning knytt til landbruk, fiskeri og skog, men litteraturvitarar, økonomar, sosiologar, fysikarar, arkitektar og legar ser ikkje utan vidare for seg eit liv på bygda.

Sett på spissen resulterer utdanningsvalet altså ikkje berre i nye kunnskapar, men også eit endra eller forsterka mentalt bilete av både bygda og byen. Bygda sitt image er dei trykkande normene, at alle kjenner alle, at folk er like kvarandre og at alle dansar folkedans. Byen sitt image er derimot kulturell og normativ fridom, avslappande anonymitet og møte med eit variert persongalleri i ulike nettverk. Under elles like forhold (og med kjæraste/partnar som også har høgare utdanning) blir valet mellom byen og bygda derfor enkelt for dei nyutdanna.

Det kanskje mest alvorlege framtidsperspektivet for bygdene er at stadig fleire ungar veks opp i storbyar. Faktisk er det først dei siste 5–6 åra at fleire born veks opp i byen enn på bygda. Forskarar trur den framtidige effekten av dette er ein endå svakare tendens til å flytte ut av byen, sidan byfolk i større grad enn bygdefolk kan tillate seg å vere heimfødingar livet ut. Manglande kunnskap om bygda og verdiane der vil vaksinere byungdommen mot å flytte dit, og dette medfører ein stadig reduksjon i rekrutteringsgrunnlaget for bygdetilflytting. Held dette scenariet vatn, kan det derfor haste med å leggje seg i selen for å få tilflytting både til Sogn og Fjordane og andre landlege regionar. Kva kan ein så gjere og håpe på framover? Om ein skal gjere noko er sjølvsagt eit politisk spørsmål, men som alltid kan samfunnsforskinga leggje viktige premiss for svara.

I ein stor pågåande intervjustudie av høgt utdanna personar i Oslo, Bergen og Kristiansand vert folk mellom anna spurde om kva dei brukar fritida si på. Med få unntak svarar dei at dei brukar fritida si mest til turar i skog og mark. Det er altså ikkje typisk urbane gjeremål og kulturformer som fyller tida til denne høgt utdanna og urbant lokaliserte gruppa, sjølv om det rett nok er ein tendens til at dei yngre i utvalet syner mindre interesse for friluft og natur.

I ein annan studie kjem det fram at unge menneske under utdanning i yrkesfaga har som fremste mål å kome seg fort ut i lønnsarbeid, stifte familie tidleg og få sitt eige husvære raskt. Kulturell frisetjing frå lokale og klassemessige tradisjonar har altså ikkje fått feste hos unge med kortare utdanning.

Slike studiar av verdiar i det norske samfunnet er viktige når ein skal utforme ein politikk for tilflytting, ikkje minst fordi dei, som i desse døma, kan vise at det gjerne ikkje skal så mykje til før den motkulturelle bølgja som flytteforskarar førebels ikkje ser teikn til, likevel kan bli sett i rørsle. To typar skifte må like fullt på plass; eit praktisk-politisk som kan late seg gjennomføre raskt, og eit ideologisk som truleg ligg lenger fram i tid.

Det praktiske først: Sjølv om bustadprisane signaliserer noko anna, så er ikkje eksempelvis Sogndal nokon by, og for storbyfolk vil staden heller ikkje bli det utan omfattande endringar. Utarbeiding av både image og politikk må ha ein slik realisme som utgangspunkt. Det kan godt hende at berre litt rimelegare bustader, litt færre feriesmåbruk, litt større kulturtilbod og litt færre kranglar mellom lokalsamfunna i fylket kan byggje ned barrieren mot bygda for dei høgt utdanna unge. Ein må rett og slett innrette seg slik at ikkje enkle materielle rammevilkår hindrar tilflytting.

Den ideologiske/verdimessige skiftet kan ta utgangspunkt i følgjande spørsmål: Kan det vere slik at barndom og oppvekst i eit stadig likare bymiljø og minimal kunnskap om det «tradisjonelle bygdelivet», gjer byungdom meir og ikkje mindre positive til å flytte frå byen? Når nye generasjonar har gløymt at bygda innebar eit press om å vere, meine og oppføre seg som alle dei andre, når ingen lenger så opplagt veit kva for verdiar som finst på bygdene, så vil bygda også tydeleg framstå som eit høve til å sleppe unna ein «massiv, likeartet og trengselspreget atferd» i byen.

For sogn sitt vedkomande kan slike ting som stabilt vintervêr, matkultur, ingen bilkøar, autentiske og kompetente industrikulturar og spektakulære fjellområde vere det som utløyser utflyttartrangen hos byfolk. Dei lokale føresetnadene får då si positive og særprega meining gjennom å vere del av eit globalisert – ikkje lokalt – samfunn. Eit meir positivt image for Sogn og Fjordane inneber i dette perspektivet altså at både byfolk og bygdefolk forstår bygda som ein stad som har blitt meir global enn dei likearta byane, ein stad som mellom andre særmerke sjølvsagt også inkluderer kvedarar og bunader.

Om dette omdømeskiftet slår til, er det først og fremst menneske med høgare utdanning som kjem til bygda. Spørsmålet då er om dei realpolitiske avgjerdene i mellomtida har lagt grunnlaget for at desse har noko å flytte til. Nettopp her ligg vår største utfordring.

Mest lese no

...

Prøver seg i VIF

Sport Sogndal-spelar tek på seg blå drakt i kamp mot FC København. Les meir

...

Får ikkje ei krone

Nyhende Søkte om 50.000 kroner i støtte. Les meir

...

Stengde for bilberging

Nyhende RV 52 over Hemsedalsfjellet vart stengd grunna bilberging. Les meir

...

Terminlista klar

Sport Sognelag brakar saman i første runde. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.