Av Jon Farestveit
Lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane saman med fagfolk frå andre avdelingar ved høgskulen er no engasjerte i eit samarbeidsprosjekt i Zambia i Afrika, finansiert av Norad og Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU). Samarbeidsinstitusjonen, David Livingstone College of Education (DALICE), ligg i den sørlege delen av Zambia i byen Livingstone med vel 100.000 innbyggjarar. Byen ligg ved den store elva Zambesi rett ved dei imponerande Victoriafalla eller -fossane. Livingstone har namnet sitt etter den velkjende misjonæren og oppdagingsreisande David Livingstone; den første europearen som såg Victoriafalla. Først og fremst på grunn av Victoriafalla har Livingstone vitjing av mange turistar frå heile verda. Dette pregar i stor grad både folkelivet og næringsverksemda i byen.
Bakgrunnen for prosjektet er at ein i grunnskulen i Zambia for tida held på å innføre eit nytt fag som blir kalla «Community Studies». Tanken bak dette nye faget er at skulen og undervisninga skal knytast meir til lokalsamfunnet, og at lokalsamfunnet på si side i større grad skal kunne påverke det som skjer i skulen. Lokalkunnskap, «local knowledge», dvs. historie og kultur, lokale tradisjonar, arbeidsliv, natur og miljø og helse skal vere ein viktig del av dette faget.
Det same gjeld det ein kan kalle entreprenørskap, dvs. å utvikle næringslivet lokalt, noko som sjølvsagt er svært viktig i eit u-land som Zambia. Ikkje minst er det om å gjere å redusere den sterke «folkevandringa» til storbyane. Det skal utviklast lokale læreplanar for faget med utgangspunkt i drøftingar, diskusjonar, intervju osv. mellom foreldre, lærarar, elevar, styresmakter og andre grupper i lokalsamfunnet. Det same gjeld metodar og aktivitetar av ymse slag som lærarar og elevar kan nytte for å utvikle lokalkunnskap og praktiske dugleikar.
Lite førebudde på det nye faget
Lærarar flest i Zambia er lite førebudde på å undervise i dette nye faget, og difor har «community studies» til no blitt mest korgfletting og spikking av suvenirar. Dette er ikkje noko gale i seg sjølv i eit fattig land som Zambia, men intensjonane bak faget har vore større enn som så. Svært viktig er det at i alle fall lærarutdanningsinstitusjonane førebur studentane og dei nye lærarane for dette nye faget. I dei respektive faga i lærarutdanninga må det nyttast metodar som kan knyte dei ymse faga meir til lokalsamfunnet. Den tradisjonelle undervisninga i Zambia har vore klasseromsundervisning med eit skarpt skilje mellom skulestova og det som skjer utanfor. Det har derfor vore svært lite tilknyting til lokale tilhøve.
Samarbeidsprosjektet mellom DALICE og lærarutdanninga i Sogndal har kome i stand for i første omgang å presentere dei røynslene vi har her på berget når det gjeld bruk av lokalkunnskap og entreprenørskap i skulen. Ein god del av dette kan også overførast til Zambia, sjølv om tilhøva på mange måtar kan vere svært ulike. Undervisning i fådelte skular vil også vere ein del av prosjektet. Det er eit område som lærarutdanninga i Sogndal har arbeidd mykje med, og som kan kome til nytte i Zambia med mange slike «multigrade» skular, særleg på landsbygda. Det må elles leggjast til at kjønnsproblematikk også vil vere eit tema i prosjektet. Dette er spesielt viktig i eit land som Zambia, der mange jenter «droppar» ut av undervisninga i ung alder av ulike årsaker.
Eit samarbeidsprosjekt
Dette er likevel eit samarbeidsprosjekt. Det er ikkje tvil om at Zambia og zambiarane har mykje å lære oss her i Noreg, og at vi på vår side kan ha berre godt av å setje oss betre inn i korleis det er å leve og vekse opp i eit utviklingsland som Zambia. Vi vil derfor i dette prosjektet, som skal gå ut 2007, leggje vekt på utveksling av tankar og idear om utdanning.
Ein delegasjon frå DALICE og utdanningsdepartementet i Zambia har alt vore i Sogndal. Dei fekk her ei vid innføring i det norske skulesystemet. Gruppa vitja fleire skular i distriktet som er engasjerte i bruk av lokalsamfunnet i undervisninga og i entreprenørskap. Dei var òg på ekskursjonar til ymse museum, og fekk sjå og høyre deira presentasjonar av lokalsamfunnet . Mykje tid var også sett av til diskusjonar og rådslagningar om kva som ligg i omgrepet «communal studies», lokalkunnskap og entreprenørskap.
Prosjektgruppa frå høgskulen har vitja Livingstone og DALICE. Deltakarane vitja skular i området, og fekk eit inntrykk av dei små ressursane som skulane i Zambia må greie seg med, men som likevel har entusiastiske lærarar som prøver å gjere sitt beste. Mesteparten av tida var prosjektgruppa likevel på DALICE i utkanten av Livingstone. Her vart tida nytta til drøftingar med lærarane på lærarhøgskulen, presentasjonar av «norske» metodar i lokalkunnskap og entreprenørskapstenking og feltarbeid/ekskursjonar i nærområdet. Prosjektgruppa fekk elles høve til å gjere utflukter i dette interessante området med Victoriafalla som eit høgdepunkt. Vi blei alle stader og på DALICE mottekne på aller beste måte.
Framhald av prosjektet i 2007
Prosjektet vil no gå vidare ut dette året. Lærarane ved DALICE er delte inn i grupper som på kvar sine område innan «Community Studies» skal gå ut i lokalsamfunnet, og med ulike metodar samle informasjon. Denne innsamla informasjonen og desse metodane skal så prøvast ut på skular i lokalsamfunna. På denne måten vonar vi at det i samarbeid mellom DALICE og prosjektgruppa i Sogndal kan utarbeidast ein modell for undervising i faget «Community Studies». Røynslene frå dette «forsøket» kan så spreiast vidare frå DALICE gjennom informasjonsmøte med andre lærarutdanningar i Zambia, gjennom skriving av artiklar og ein sluttrapport ved utgangen av 2007.
Vi har ei styringsgruppe for prosjektet med deltakarar frå høgskulen i Sogn og Fjordane og lærarhøgskulen i Livingstone. Det er sjølvsagt visse kulturskilnader mellom Noreg og Zambia, men samarbeidet har til no gått svært bra med stor vilje til innsats frå alle. Vi vonar og trur at resultatet av prosjektet kan bli godt, og at dette vert eit viktig bidrag til å forme faget «Community Studies» og gjerne også andre undervisningsfag i Zambia.