Petter Sortland, leiar i Sogn regionråd, krev fortgang i arbeidet med å få MR på plass på Lærdal sjukehus (Arkivfoto)

Krev fortgang for MR på Lærdal sjukehus

Sogn regionråd krev at Helse Førde set i gang utbygginga av MR ved Lærdal sjukehus utan ytterlegare forseinkingar.

Publisert 05.12.2017 kl. 14.10. Oppdatert kl. 15.34.

Sogn regionråd forventar at Helse Førde vedtek investeringa for MR ved Lærdal sjukehus i budsjettmøte i desember i år. 


I eit brev til Helse Førde viser Sogn regionråd til møte med helsegruppa og i regionrådet med informasjon og drøftingar om MR ved Lærdal sjukehus. 


 


Overveldande innsamling

I brevet skriv Sogn regionråd, ved leiar Petter Sortland, følgjande: 


"Etter ei mobilisering i heile Sogn vart det samla inn meir enn 10 millionar kroner til MR ved Lærdal sjukehus. Responsen for innsamlinga var overveldande og engasjementet frå kommunar, lokalt næringsliv og privatpersonar har vore imponerande". 


Regionrådet viser til at MR vil gje monaleg betre helsetenester og kortare reisetid for pasientane. 


"Med betre kapasiteit for MR- undersøkingar i Helse Førde, kan det gjera at pasientar i heile fylket får kortare ventetid. Beløpet vart samla inn sommaren 2016 og er vår del for å utløysa Helse Førde sin del som etter avtalen gjeld sjølve bygningen", skriv regionrådet.


 


Få fortgang

Målet med innsamlinga var å få på plass MR innan utgongen av 2017. Men etter det regionrådet har fått opplyst, vil MR ved sjukehuset i Lærdal vera ferdigstilt september 2018 og finansieringa knytt til utbygginga for MR-maskina er med i Helse Førde sitt langtidsbudsjett. 


Sogn regionråd ynskjer ei tidlegare installering av maskina og har drøfta løysingar med Helse Førde for å forsera framdrifta. 


"Helse Førde har valt ei løysing med tilbygg til eksisterande bygningsmasse, som vert vurdert som den mest framtidsretta løysinga, men som tek nokre månader lengre tid", heiter det i brevet frå regionrådet. 


Opp i budsjettmøte

Sogn regionråd viser til at innsamla midlar for MR var på plass allereie sommaren 2016. Regionrådet er oppteken av at utbygginga vert sett i gang utan ytterlegare forsenkingar. 


"Sogn regionråd forventar at Helse Førde vedtek investeringa for MR ved Lærdal sjukehus i budsjettmøtet i desember 2017", skriv regionrådet i brevet til Helse Førde. 


Les meir om: Nyhende Helse Lærdal

Siste saker Gå til framsida