Krav om utgravingar i Kvålehagen

Publisert 11.09.2018 kl. 13.40.

Områdeplanen for campus Sogndal har vore ute på høyring. Eitt av innspela er frå Sogn og Fjordane fylkeskommune med krav om gjennomføring av arkeologiske undersøkingar i Kvålehagen. Arkeologiske utgravingar må gjennomførast før planane kan koma til endeleg politisk handsaming, opplyste rådmann Jostein Aanestad om i forvaltningsutvalsmøtet. - Eg har vore i kontakt med nokre av grunneigarane som er positive til å gjennomføra dette. Tidlegaste vedtaksplan kan vera i desember.


Les meir om: Nyhende Notis Sogndal

Siste saker Gå til framsida