Krasja etter forbikøyring

Publisert 11.09.2018 kl. 18.45. Oppdatert kl. 18.47.

Ein personbil har snurra rundt og hamna i ein støypekant på E39 mellom Norevik og Bogstunnelen i Høyanger kommune.


Politiet melder på Twitter at bilen kom køyrande frå Vadheim mot Lavik. Ulukka skjedde etter at personbilen skulle køyre forbi ein lastebil. 


I følgje politet har føraren i personbilen opplyst at han har vondt i hovudet. Naudetatar er på veg.


Bogstunnelen er førebels stengd. Bilen er ikkje køyrbar og bergingsbil er rekvirert.


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk

Siste saker Gå til framsida